Initiativtakar til Osroso-strikk, Laila Reiertsen, har allereie første genser ferdig (og på seg). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Opna kulturminnedagane i Osroso-genser

Laila Reiertsen viste seg fram i nytt mønster. I dag kjem Dale Garn med heile kolleksjonen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag 18. august lanserte Dale Garn sin nye Osroso-kolleksjon. Tre veke seinare viste varaordførar Laila Reiertsen (Frp) seg i ferdigstrikka Osroso-genser.

– Eg fekk oppskrifta tidleg, seier initiativtakaren til dialogen med Dale og den nye kolleksjonen.

– Delar av oppskrifta er litt vanskeleg, sånn som dette mønsteret på armane, det var ikkje noko å sitja med på kveldane, det måtte eg ta på dagtid.

I går opna ho kulturminnedagane og stor Osrose-utstilling i Det historiske tunet på Lyngheim, i dag kjem Dale Garn for å visa heile kolleksjonen.

Tilbakeblikk og det som kjem

Geirmund Dyrdal var konferansier under opninga på Lyngheim i går. Der var fleire som jobbar med kulturminne inviterte til å få ordet.

Jostein Hausberg frå Os Sogelag fortalde om eit lag med høg aktivitet og kompetent styre. Laget har òg delt inn aktivitetane i fleire undergrupper, for blant anna krigshistorie, industri og kystkultur.

Frå Fortidsminneforeningen møtte ingen, men neste talar sa han kunne tatt på seg den hatten òg.

– Eg har vore medlem der i 50 år, sa Nils Georg Brekke, og hausta latter hos publikum.

Så fortalde han om historia til tunet på Lyngheim og til huset som den komande rosemålarverkstaden på staden blir ein replika av.

Kvar dag til og med neste helg

Kulturminnedagane (sjå program) held fram med ope hus på Lyngheim heile veka og rosemalekurs for born neste helg.

• Les òg: Kven skal mala Os-roser i framtida?

Programmet er nominert til Kulturminnedagprisen 2018.

Fleire saker