Kultur | 07. mars 2010

Opna med eit brak

Søviknes fekk fleire utfordringar då han opna musikkbingen på Kuventræ i går. Axelsen hadde dessutan ei overrasking på lur.

Opna med eit brak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. mars 2010 08:04

Bildeserie:

1 av 8

Frå nesten nyfødd til besteforeldre, ei gruppe på rundt 40 musikkinteresserte møtte opp då Os sin første musikkbinge hadde offisiell opning laurdag.

Les òg:
Bingen klar for opning (med film og bildeserie)

- Det blei full klaff, eit flott og morosamt arrangement, seier kultursjef Lisbeth Axelsen, som under kakeservering i møterom å Osbadet kom med positivt nytt.

Søker om ein binge til
40 nye musikkbingar skal delast ut. Med 200.000 i støtte blir det berre 150.000 kroner for kommunane å legga ut for å få ein komplett utstyrt binge på plass.

- Vi har funne midlar, så vi treng ikkje spørja politikarane om løyve til å utvida om ny binge. Derfor har vi no søkt om ein binge til, røpte kultursjefen i går.

Søknadsfristen er 15. mars, tildelinga i mai i år.

- No er det berre til å venta og håpa. Det er uvisst kvar binge nummer to skal stå, om vi får ein til, men stalltipset er Søfteland.

Utfordra Søviknes
Os Rockeklubb, som driftar bingen på Kuventræ, var godt førebudd på fint besøk under opninga.

- Ordføraren fekk ikkje snor å klippa, men piggtråd i klippa for å koma seg inn. Inne i bingen venta det talentfulle, unge rockebandet Abstractium, som blant anna gjekk vidare frå den lokale kulturmønstringa, seier Kjetil Grønvigh.

I det ordføraren opna døra braka musikken laus, og Søviknes fekk nok ei utfordring; å spela trommer.

- Vi kan trygt seia at han er ein betre ordførar enn trommespelar, men han klarte seg bra på den enkle Black Sabbath-låta han spelte seg gjennom. Det er veldig kjekt at ordføraren stiller opp på slike ting, godt førebudd og engasjert er han òg, meiner den andelege leiaren i rockeklubben.

Etter opninga blei det servert kaffi, brus og marsipanblokk med instrument på i møterommet på Osbadet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.