- 13. mars 2021

Opna Os Steakhouse

Eit nytt restaurant-tilbod i Os sentrum tok sine første steg fredag.

Elias Sandal står bak ny-satsinga, Os Steakhouse. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 13. mars 2021 08:08

I april 2016 opna Orion i Fagerthun-bygget i Os sentrum.

– Det blir ein restaurant med hovudfokus på biff- og grillrettar, fortalde innehavar Yavuz Vahdettin til Midtsiden då.

Orion ville den gongen bli den tredje restauranten (fjerde, om vi tar med nye Engeline) som opna i Os sentrum på tre veker. Etter Happy Time, Engeline og iSushi var Orion klar for opning.

Os Steakhouse tek over

Denne veka vart det klart at Orion no forsvinn, og Os Steakhouse tek over.

Bak Os Steakhouse finn du innehavar, Elias Sandal, saman med tre kokkar.

Sandal har allereie lang fartstid som kokk i Bergen, men no har han landa ein driftsavtale med eigarane av Orion.

Fredag var det nyopning, og trass i at lokalet framleis er prega av Orion sine logoar, fortel Sandal om store endringar i tida som kjem.

– Vi hadde eigentleg tenkt å halda litt på opninga, men valde å gje full gass i lokala slik dei står no. Difor ser du ikkje heilt vår profil enno.

Skal bygga om lokalet - satsar på maten først

Sandal fortel at det med tida både kjem søknad om skjenkeløyve til restauranten, og at han og samarbeidpartnarane kjem til å gjera fleire endringar inne i lokalet.

– Vi jobbar med planar for lokalet, til dømes vil vi nok gjera det heile noko lysare. Desse endringane kjem uansett etterkvart, no ville vi satsa på maten først av alt.

Framleis Orion, men etterkvart blir det 100% Os Steakhouse i lokalet. (Foto: KOG)

Noko for alle, og ta gjerne med heim

At du kan få deg eit godt stykke kjøt hos Os Steakhouse, ligg allereie i namnet, men Sandal kan fortelja om fleire menyval som kanskje vil lokka folk til restauranten.

– Vi kjem til å satsa på våre eigne gourmetburgarar, lunsjrettar og gode middagsbuffetar. Det skal vera noko for alle her, alt til gode prisar. Vi kjem sjølvsagt til å servera pizza, kvit pizza og veganar-tilbod.

Bak valet av middagsbuffet har Sandal allereie tenkt fleire steg og løysingar vidare.

– Med ein buffet kan du som kunde sjølv få velja kva du vil ha på tallerkenen. Då er du kanskje litt mindre skeptisk til å prøva noko nytt, utan at dette er sett i ein heil rett.

– Vi kjem òg til å sjå på ei løysing kor du kan koma inn og plukka din eigen buffet, for så å ta den med deg heim. Dette tenkjer vi er høgaktuelt om koronasituasjonen fører til fleire periodar med restriksjonar.

Ope sju dagar i veka

Sandal seier han har fått mange gode tilbakemeldingar på opningsdagen.

– Det er fleire som har fortald at dei ser fram til konseptet vi no satsar på. Med lange opningstider sju dagar i veka, håpar vi at vi kan bli eit god supplement til restauranttilbodet i Os.

Os Steakhouse tek over lokala som Orion tidlegare hadde i Fagerthun-bygget i Os sentrum. (Foto: KOG)


Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.