Lokal | 02. feb. 2011

Opna praksis i Os

I går opna Bjørnefjorden Tannlegepraksis avdeling i Os, i dag tar Harald Alexander Noss imot sin første pasient i Bjørnegården.

Opna praksis i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. feb. 2011 09:45

Harald Alexander Noss hadde jobba i 10 år som tannlege, dei siste 8 av dei i Os, då han i fjor starta Bjørnefjorden Tannlegepraksis på Tysnes. No er avdelinga over fjorden supplert med avdeling på Os.

- Det var litt spennande å starta på null, utan ein einaste pasient. Men Tysnes-avdelinga har fått ein svært god start, så vi kan vera tålmodige i forhold til etableringa på Os, seier Noss.

Sjølv har han vakse opp på Bønes, men for åtte år sidan flytta han frå Bergen til Sveo i Os, der han trivst og har planar om å bli buande.

Med seg har han Tone M. Kvalvik, som har jobba som tannhelsesekretær i 12 år, og tannlegane Nea W. Souminen og osingen Njål Lekven enkelte kveldar i veka.

- Eg blir framleis aktiv både på Tysnes og i Os, presiserar han.

Lystig tannlegebesøk?
Njål Lekven, som var ferdig utdanna tannlege i Bergen saman med Noss i år 2000, praktiserer innan kirurgi. Lekven er vidareutdanningskandidat, til sommaren er han ferdig med den fem år lange spesialistutdanninga innan fagfeltet.

Souminen var ferdig utdanna året før Lekven og Noss, og har sidan jobba med lystgass, noko ho også kjem til å driva med i Os.

- Vi blir ein av få tannlegepraksisar mellom Bergen og Haugesund som tilbyr lystgass, eit angst- og smertedempande middel for spesielt engstelege pasientar.

Noss seier implantatbehandling også blir eit viktig område for klinikken.

Design-dentist
Sjølv om tannlege Noss seier han startar den nye praksisen varsamt, er klinikken han opna i går prega nytt utstyr og stilfullt interiør.

- Eg har blant anna fått hjelp av ei venninne med dekorering av det nyinnreia hjørnet av etasjen, fortel han.

Teiknearbeidet starta i sommar, byggearbeidet for rundt tre månadar sidan. Venninna Kathrine Svanevik, som jobbar hos Pitney Bowes, har verkeleg sett sitt preg på «tannverket».

- Veggane er pryda av kunst av kvinnelege bergenskunstnarar og kvart av dei tre behandlingsromma har sin signatur, som denne, seier Harald Alexander Noss og peiker på ulven på veggen.

- Å starta eigen praksis utan å kjøpa etablert praksis kan verka litt skummelt, men det har også sine fordeler. Du får forma kontoret sånn du vil frå starten av, og etablera det arbeidsmiljøet og dei omgjevnadane du trur tilsette og pasientar vil trivst i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.