Lars Eirik (bak) og Erik tok fleire medaljar. Til helga skal dei prøva å kvalifisera seg til nordisk meisterskap.

Opna sesongen med god medaljefangst

Lars Eirik Vevatne og Erik Vaktskjold tok til saman 5 av klubben sine 16 juniormedaljar.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag 1. mai hadde Os Roklubb opningsregatta i roing på Ulvenvatnet. Til saman 60 lag frå klubbane i bergensområdet stilte, og Os hadde representantar i dei fleste klassane.

– Til å vera så tidleg i sesongen gjorde vi det veldig bra! I alt blei det 6 gull, 9 sølv og 1 bronse, fortel rosjef Eirik Vevatne.

16 medaljar til 8 utøvarar

Os stilte med åtte juniorar. Alle tok medalje.

Lars Eirik Vevatne (1 gull, 1 sølv og 1 bronse)
Erik Vaktskjold (1 gull og 1 sølv)
Andrea Bastiansen Kvittingen (2 sølv)
Eivind Vevatne (1 gull og 2 sølv)
Marius Ottesen Hustad (3 sølv)
Matilde Ottesen Hustad (1 sølv)
Lovise Milde (1 sølv)
Helene Bjørnevik Bjelland (1 gull)

Til helga går den offisielle opningsregattaen for Ro-Noreg på Årungen. Os Roklubb stiller med Erling Holst Øyasæter, som ror for elitelandslaget til Norges Roforbund.

I tillegg stiller klubben med juniorane Erik vaktskjold og Lars Eirik Vevatne. Begge skal ro kvalifiseringsløp til nordisk meisterskap.

Gode nybyrjarar og vaksne

I klassen «Masters» stilte Os med ein dobbeltfirar med mannskapen Astrid Rogne, Ann-Sissel Ottesen Hustad, Hildegunn Heidal Haugland og Sissel Lothe Høvik.

Dei rodde inn til ein fin førsteplass.

Trude Vevatne og Lisbeth Vevatne rodde dobbeltsculler og gjekk som dei andre heilt til topps.

– I tillegg hadde vi William Reigstad Fjeld, Linn Kristin Vevatne og Lars Emil Bjørndalen Moberg som stilte i JD og nybyrjarklassen. Dei tre unge roarne våre rodde bra og fekk sine fortente medaljar.

– På 1. mai-regattaen ønskjer klubben at flest mogleg av våre og andre klubbar sine yngre og ferskare skal få sjanse å delta. For å gi dei unge og dei nye ei god oppleving på sin første regatta sette vi opp eit fadderløp, der ein erfaren roar ror med ein nybyrjar.

Dette løpet var populært og det stilte ni dobbeltscullere til start.

Os Roklubb stilte med Andreas Tysse, som rodde med Eirik Vevatne, Jonas Werkeland Mandal, som rodde med Emil Heidal Haugland, og Lars Emil Bjørndalen Moberg, som rodde med Eivind Vevatne. 

– Alle rodde bra og fekk kvar sin medalje. 

Fleire saker