Næringsliv | 03. mai 2019

Opna sin tredje butikk på AMFI Os

Link Brands Outlet blir midlertidig butikk mens senteret ventar på Subway-opning.

Opna sin tredje butikk på AMFI Os
Erik Rosendahl før opning torsdag ettermiddag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mai 2019 09:41

I 2016 flytta han til nytt, dobbelt så stort lokale med Stadion Sport, i 2018 opna han motebutikken Link Brands. Torsdag ettermiddag opna Erik Rosendahl sin tredje, ein outlet som skal halda ope på ubestemt tid.

– Leigetakarane på senteret blei inviterte til å bruka lokalet som Subway skal inn i, fram til dei er klare til å opna, og eg meldte mi interesse, fortel Rosendahl.

Mote - ikkje sport

Link Brands Outlet skal, som det ligg i namnet, driva sal for varer frå motebutikken.

– Blir det salsvarer frå sportsbutikken òg?

– Nei, berre frå Link. Men vi kjem òg til å kjøpa inn litt frå leverandørane våre, så vi landar på eit greit utval.

Reduserte opningstider

Dei første kundane kom to minutt etter opning, og Rosendahl er nøgd med første kveld. Butikken skal vera open berre frå torsdag til laurdag.

– Det har i hovudsak med bemanning å gjera. Når vi ikkje veit om vi skal vera her i éin månad eller fire månadar, så driver vi i hovudsak outleten med bemanning frå dei to butikkane vi allereie har.

– Har du gjort tilsvarande før?

– Ja, på Øyrane Torg, der vi lenge har ein Link Brands-butikk. Då hadde vi ope nokre månadar, og det fungerte bra.

Effektiv handtering av salsvarer

I utvalet kjem varer som normalt ville hengt på eit salsstativ, varer som må vika for nye kolleksjonar.

– Det er høgt tempo i motebransjen, og vi ønskjer i utgangspunktet ikkje å ha salsvarer liggande i butikkane. Med outlet får vi sett dette i system, og om det blir godt mottatt kan det koma ny popupbutikk eller permanent outlet seinare.

Link Brans opnar på senteret i Fusa neste år. Då får Rosendahl salsvarer frå fleire butikkar å handtera.

Det er framleis uvisst kor tid Subway opnar, men det blir framleis jobba med å få matkjeda på plass i lokalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.