Lokal | 25. aug. 2010

Opna før skulestart

Det nye fortauet på Sundøybrua er endeleg opna. Men vegkontoret vil telja bilane i Øyane før dei maler striper i vegen.

Opna før skulestart
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. aug. 2010 09:05

Å kryssa vegen på Sundøy-sida av brua mellom Sundøy og Bruarøy har til no vore ein risikosport. Utan fotgjengarfelt og rett før ein sving har skuleungar og andre måtta gå på skrå til motsett side av Røtingavegen for å koma seg vidare på fortau.

Gleda var derfor stor då Os kommune i haustferien i fjor fekk på plass eit stykke med fortau som gjorde at fotgjengarar kunne kryssa vegen eit stykke innpå brua. Men det skulle gå tid før dette blei tatt i bruk.

- Eg hadde lovd meg sjølv at dette skulle vera klart til skulestart, så i starten av førre veke var vi ute og opna opp, seier leiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.

Alt var OK
Vegkontoret forlangte dokumentasjon på at metallkonstruksjonen var bygd på rett måte. Før sommaren var Os kommune med representantar frå vegkontoret på synfaring.

- Alt var OK så vi har opna så folk kan ta dette i bruk.

Skal telja trafikken
Men overgangen er førebels ikkje merkt som fotgjengarfelt.

- Vegkontoret skal ha ei trafikkteljing før dei lagar fotgjengarfelt, men humpen er på plass så det er berre til å mala og ta plasten av fotgjengarskiltet.

- Kor tid trafikkteljinga skal vera får ikkje eg veta. No har kommunen gjort alt som har vore til no, vegkontoret tar resten, seier Rød.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.