Opna som Extra i dag
Dette er dei tre største endringane etter overgang frå Prix til Extra.


Bildeserie:
Butikken i Midtpunkt-kvartalet har gått frå Java, Ekko, Mekka, Rimi og Prix til - frå i dag - Extra.
Laurdag 4. mai var siste opningsdag som Prix, onsdag 15. mai opna Extra med over 2000 fleire varer og rundt 120 kvadratmeter større salsflate.
– Butikken er innreidd på nytt og vil nok opplevast som meir enn 120 kvadratmeter større, seier assisterande kjedesjef Andreas Ruud.
Extra Osøyro, som er det nye namnet på butikken, er Extra nummer 451 i Noreg.
Også regionssjef Arne Brekke deltar på opningsfesten i dag.
Dei største endringane
Butikksjef Linda Veivåg har vore med på 5 ombyggingar på 13 år i butikken.
– Dei største endringane er utvalet, at den er meir oversikteleg og at vi har auka frå 2 til 7 kassar.
– Eg er dessutan veldig nøgd med det store kjøleområdet.
• Les òg: Ut med det gule, inn med det raude
– Vi hadde 3 kassar, men det var stort sett berre 2 som var i bruk. No har vi éin manuell kasse og seks sjølvbetjente.
I tillegg utvider opningstida i butikken.
Lokalet som Borg Vêr heldt til i er no lager. Posten er på same plass som før, men postboksane er flytta til motsett ende - med nye postboksar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.