Næringsliv | 15. mars 2012

Opna som XL-Bygg

Det er høg marsipanfaktor i Industrivegen i dag.

Opna som XL-Bygg
Os Byggsenter før og no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. mars 2012 09:42

Torsdag, etter rundt 13 år som Bygger'n, opna Os Byggsenter som XL-Bygg.

Fasaden er omdekorert og inne i butikken, som har fått ny disk på ny plass, hadde det samla seg ein flokk tømrarar rundt kakefatet.

Dei fleste skygga banen då Midtsiden kom for å dokumentera opningsfesten, men ikkje alle brydde seg om dei blei avbilda med ein litt for søt frukost.

Betre for amatørane

– Ved sidan av at vi med kjedebyte skiftar frå Hiba Hus til Blink Hus er det dette som blir den største forskjellen, seier dagleg leiar Stig Atle Gjøvåg og peikar på ein stabel med tilbodsvarer.

– Trelasten og proffverktøyet er mykje det same, men til hobbysnekrarar og dei som pusser opp heime synes eg XL-Bygg er veldig gode på tilbudsvarer.

Proffkundane starta XL-festen tidleg då mange av dei i helga var med på kick-off-tur til Haugesund.

– Det blei både livleg og fagleg bra, med live-musikk på bussen på veg ned og sosialt samvær fredag, og godt program laurdag på dagtid, seier Gjøvåg.

På handletur for Hamnevegen

Ein av dei som var innom på opningsdagen var Øyvind Tøsdal frå Bygg Concept.

– Sjå her! Desse er til å staka opp punkt på Lien-tomta, sa Øyvind, som har ein spennande dag med handsaming av fleire saker av dagens møte i plan- og bygningsutvalet.

Tøsdal har fleire element som knyter han til Os Byggsenter. Selskapet hans, Odd Tøsdal AS, var i si tid involvert i både starten på kjøpesenteret på Flåten, som i dag er AMFI Os, og Tøsdal Bygg, som var utspringet til det som seinare, med nye eigarar, blei Os Byggsenter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.