Lokal | 22. apr. 2020

Opnar for bubil og båtgjestar igjen

Tar imot gjestar frå i dag.

Opnar for bubil og båtgjestar igjen
Bubilparkeringa på Steinneset, her i april i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. apr. 2020 09:06
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Laurdag 14. mars blei bubilparkeringsplassane i Bjørnafjorden kommune stengte. Før påske blei det klart at overnattande båtfolk frå andre kommunar ikkje var velkomne i desse koronatider.

I dag, to dagar etter at hytteforbodet blei oppheva, opnar kommunen òg for gjestar i bubil og båt.

– I samråd med kommuneoverlege og smittevernoverlege opnar Bjørnafjorden kommune opp att bubilparkeringar, campingplassar og småbåthamner i Bjørnafjorden kommune frå i dag, 22. april, skriv kommunen på sine heimesider.

Båtfolk skal halda minst to meter avstand mellom båtane, og ikkje fortøya utanpå kvarandre. Servicebygget i Os hamn er framleis stengt, så dusj og klesvask må takast andre stadar.

Kommunen ber gjestar ta omsyn til kvarandre og retta seg etter generelle smittevernreglar.

Alle gjestar frå andre kommunar blir oppmoda å reisa heim om dei føler seg sjuke, i staden for å oppsøka lokal legevakt.

Samtidig ønskjer dei gjestar velkomne tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.