Næringsliv | 09. des. 2019

Opnar «dobbel» butikk i Os sentrum på fredag

Fyller Drageset-lokalet med Tiny Trolls of Norway og vareprøvar frå to sportskjeder.

Opnar «dobbel» butikk i Os sentrum på fredag
I 1992 starta eventyret til Skeie-brørne Tor-André og Jan Frode (bildet), som i dag tel over 50 butikkar. Fredag opnar dei i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. des. 2019 15:10

27 år etter at Skeie-brørne starta Os Sport (seinare MX Sport, i dag Sport Norge) på Amfisenteret er dei snart klare med barneklede og sportsartiklar i Os sentrum.

I september blei det klart at dei har teikna leigekontrakt i Os sentrum, fredag er det opning av ein butikk med to avdelingar.

Tiny Trolls of Norway flyttar frå Fana til Os, i tillegg blir det ei eiga avdeling med fast vareprøveutsal frå Elements Production.

– Vi får rundt 300 kvadratmeter med salsflate i butikken, 200 til Tiny Trolls og 100 kvadratmeter til sportsutstyr, seier Jan Frode Skeie.

Lokalet er rusta opp med ny belysning, nytt golv og ny innreiing. I dei komande dagane skal varene på plass.

– Vi hadde ambisjonar om å opna i november, men det var litt lengre leveringstid på golvet enn vi hadde rekna med. Vi er likevel klad for at vi rekk å opna 11 dagar før jul.

Eigenutvikla kolleksjon for småtroll

Elaine Kobbeltvedt, som starta sin første barnehage i 1988, og selte Bergenshagene-kjeda i 2014, starta i 2015 Tiny Trolls of Norway saman med Line Holmedal Wallem.

Med erfaring frå nesten tre tiår med barnehagedrift fekk dei designa og skreddarsydd barneklede for ungar frå 74 cm (9 mndr) til 128 cm (8 år). Kleda deira har blant anna hausta merksemd på New York Fashion Week.

Elements Production er eit av dei største selskapa i Os, søsterselskap av Sport Norge og Sport Outlet, som driv design, produksjon og import av sportsvarer og tekstil for over 300 millionar kroner i året.

Selskapet kjøpte Tiny Trolls i fjor, og overtok både design og produksjon av kleda. Den første kolleksjonen deira blei lansert i haust og er svært godt mottatt.

Sportsklede og «harde» varer

Ein tredel av lokalet skal fyllast med vareprøvar til Sport Norge- og Sport Outlet-butikkane.

– Dette inkluderer både tekstil, sko og harde varer som hodelykter, brennarar og andre artiklar vi produserer sjølv eller vurderer å importera til sportsbutikkane våre.

– Det betyr at det vil vera kanskje berre éitt eller to eksemplar av kvar vare, og at utvalet vil variera mykje frå veke til veke etter kva som blir selt og kva som kjem inn.

– Er det vareprøvar i alle storleikar?

– Det er til både mann, kvinne og born, men stort sett i dei mest selte storleikane, medium og large. Men det er òg nokre varer som kjem i «one size», som passar dei fleste.

Elements Production har tidlegare hatt vareprøveutsal frå hovudlageret i Ådnadalen/Ådnamarka eit par gongar i året, nå blir det jamt sal året rundt.

– Er det fare for at butikken går tom, at sportsavdelinga ikkje har noko å by på?

– Sjølv om dette er varer til svært låg pris, så tviler eg på at avdelinga blir heilt ribba. Det kjem inn nye vareprøvar kvar veke, og vi har allereie mykje på lager.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.