- Vi opnar eigentleg ikkje huset igjen før 8. januar, men vi gjer eit unntak for kinosøndagen, seier kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Frost
Det er den nye storfilmen "Frost" frå Disney som er fyrste film ut i bygdekinoåret 2014. Filmen handlar om den tøffe og uredde Anna og følgesvenene hennar, som legg ut på ei farefull ferd for å bryte ein trolldom. På reisa gjennom dal og over fjell, i eit landskap som kan minne om Noreg, møter dei mystiske troll og ein morosam snømann som heiter Olaf.
Regi: Chris Buck, Jennifer Lee
Sjanger: Animasjon / Eventyr / Familiefilm
Norske stemmer: Lisa Stokke, May Kristin Kaspersen, Anders Baasmo Christiansen, Thorbjørn Harr, Gustav Nilsen
Produksjonsselskap: Walt Disney Animation Studios
Aldersgrense: 7 år.
Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant
Klokka 19.00 visast "Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant", om det innhaldsrike livet til hundreåringen Allan, som stikk av frå gamleheimen på sin eigen bursdag. Ei lang rekke hendingar tek i staden Allan med på ei ellevill og uventa reise, i lag med ein gjeng kriminelle, mordarar, ein pose full av tusenlappar, ein elefant og ein inkompetent politibetjent.
Romanen som filmen byggjer på har gått sin sigersgong over heile verda, og i hovudrolla som Allan finn du noregsvenen Robert Gustavson som mange kjenner som den uheldige Bertil Svendson frå TV2 påskenøtter.
Regi: Felix Herngren
Skodespelarar: Robert Gustafsson, Iwar Wiklander, David Wiberg, Mia Skäringer, Jens Hultén, Bianca Cruzeiro
Sjanger: Drama / Eventyr / Komedie
Nasjonalitet: Sverige
Språk: Svensk
Lengde: 1 t. 54 min.
Aldersgrense: 11 år
Kun billettar i døra
- Oseana held ope denne dagen frå kl. 15.00, og det er billettsal kun i døra.
– Resten av huset er stengt, det vil ikkje bli moglegheit til å kjøpe billettar til andre arrangement eller besøke Griegsamlingen, men kiosken vil vera open, avsluttar Hjelle.