Næringsliv | 22. sep. 2015

Opnar dyrebutikk i sentrum

Etter seks år på senteret flyttar Monica Jensen butikken sin til Osøyro.

Opnar dyrebutikk i sentrum
Fredag om ei veke opnar Os Dyrebutikk på Osøyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. sep. 2015 06:46

– Det blir nokre hektiske døgn, seier Monica Sagen Jensen.

Tysdag om ei veke overtar ho lokalet Rosvold heldt til i, tre dagar seinare opnar ho Os Dyrebutikk.

Var nøgd på Amfisenteret

Med Tropehagen Zoo har Monica hatt nesten seks år på senteret. Dei fleste åra har vore gode og lønsame.

– Men eg er ein av fleire butikkar som i desse dagar melder meg ut av kjeda, og det er kjeda som sit på leigekontrakten.

– Eg ville i utgangspunktet bli verande på senteret, men det let seg ikkje gjera. Så såg eg at det sto «til leige» på glasa i desse fine lokala.

Askvikgården, som i mange år husa Rosvold Sport, blei i sommar pussa opp.

Held fram med kveldsope

Den nye butikken blir langt større enn den førre, 240 mot 96 kvadratmeter. I tillegg kjem lager og kontor i 2. etasje.

Sjølv om ho flyttar ut av senteret og no bestemmer opningstidene åleine, vil Jensen halda fram med å ha ope til klokka 20.

– Vi kan ikkje stenga butikken akkurat når folk er ferdig med middagen sin, meiner ho.

– Kva vil du bruka det ekstra arealet på?

– Det blir godt å få meir boltreplass. Utvalet blir større, men varene blir i starten det i same kategoriar som før. Eg har plan om å utvida med hesteutstyr, men det blir om ei stund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.