Sport | 11. okt. 2012

Opnar i november

Ser du fram til skisesongen startar? Det gjer dei i Myrkdalen òg, der dei opnar nytt hotell om tre veker.

Opnar i november
Myrkdalen Hotel sånn det skal sjå ut på opningsdagen fredag 16. november. (Ill. 3ddesign.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. okt. 2012 10:42

Voss Fjellandsby, som vaks fram med rundt 100 hytter i rekordfart, har dei siste åra hatt sprengt kapasitet på utleigehytter og leilegheiter. Planane om hotell gjekk frå å selja leilegheitene med plikt til utleige til å bli eit reint hotell. Interessa for å kjøpa var stor, men det var rett og slett for få som ville leiga ut.

Men så blei det bestemt å bygga hotell og i løpet av førre vinter vaks bygget seg fram, heilt inntil heisane i den snørike skidestinasjonen.

– Onsdag 31. oktober skal hotellet vera klart til overtaking. Tida fram til opningsfesten fredag 16. november skal brukast på møblering, fortel salsdirektør Paal Thunæs.

Myrkdalen Hotel blir bygd av Voss Fjellandsby AS, som er eigd av Schage Eiendom, Grendahl Holding og Aurland Ressursutvikling.

God respons

Myrkdalen Hotel får 112 rom og 350 senger, 3 restaurantar, 2 konferanserom, 3 grupperom, leikerom, spelerom, ein stor lobbybar og ein afterski rett inn frå nedste nedfart i anlegget.

– Hotellet får saman med eksisterande anlegg og serviceapparat mykje å by på når det kjem til konferansar, anten kundane vil stå litt på ski eller gå tur mellom øktene, eller ha organiserte lagbyggingsaktivitetar, seier Thunæs.

Han fortel at responsen har vore god både frå private som vil ha skiweekend i vinter og bedrifter som vil samla seg på seminar eller julebord.

Vi får også to store konferanserom og tre grupperom. Hotellet med omgivelsene får mye å by på når det kommer til konferanser, spesielt for de som vil kombinere dette med rekreasjon eller action, lagbygging eller andre aktiviteter, sier Thunæs, og forteller om stor interesse for alt fra skiweekend med familien til julebord med små og store firma.

Får tre restaurantar

Både hotellgjestar, hyttefolk og alpinistar kan gleda seg til nye smaksopplevingar når hotellet opnar. I tillegg til afterskien kjem nemleg tre restaurantar i hotellet.

– Hovudrestauranten blir ein a-la-carte-restaurant inspirert av det lokale, men med en europeisk tilnærming. Og så får vi en kokk som har vore og henta inspirasjon i Sveits, han får ein liten og delikat fondue-restaurant å boltra seg i.

Den tredje restauranten er en familierestaurant med italienske spesialitetar, blant annet pasta og pizza laga frå botnen av, steikt på open flamme i steinovn.

– Vi skal vera i rute med byggearbeidet, så får vi håpa at innspurten blir knirkefri - og at vi får ein tidleg start på skisesongen, seier Paal Thunæs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.