- 29. jan. 2021

– Opnar for langt betre sti til Kobbavågen

Tommy Aasen blir nærmast nedringt av folk som vil bidra.

Tommyhadde med seg tante Elisabeth, som har «Besto sitt hjørna» under Redd Barna Cup, til å henta den store sjekken hos Birthe i Sparebanken Vest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. jan. 2021 10:21

Søndag fortale vi om Tommy Aasen og Redd Barna Cup sitt initiativ. Før fotballsesongen eventuelt startar igjen, vil dugnadsgjengen oppgradera stien frå Gjelevika retning Kobbavågen.

Første telefon gav full utteljing, Bergen Marinesenter finansierte heile trinn 1 av 2 med 50.000 kroner.

– Resten av kvelden var det mange som ringte og sendte melding, det blei den travlaste søndagen eg har hatt på lenge!

– Entreprenør Kent Ivar Mjølkeråen har tilbydd seg å bidra med transport av massar og grus, andre har oppfordra meg å laga Spleis, så det blir enklare for privatpersonar å slutta seg til prosjektet, fortel Tommy.

Måndag blei han invitert til Sparebanken Vest, torsdag møtte han i banken og fekk ein sjekk på 50.000 kroner.

– Vi har følgd med på Tommy ei stund, og var imponert då han som 14-åring starta Redd Barna Cup, seier banksjef Benedicte Toftesund.

Banken har støtta cupen økonomisk fleire gongar.

– Då vi las om korleis cuparrangørane vil bruka vinteren, men oppgradering av tursti, så måtte vi berre finna nokre kroner å dela ut, seier rådgjevar i Sparebanken Vest, Birthe Nordstrand.

Meir enn han treng?

Trinn 2 ligg an til å bli billigare enn trinn 1, likevel har Aasen no 50.000 å rutta med på trinn 2, og auka oppslutnad om totalprosjektet.

– Allereie i planleggingsfasen i fjor fekk vi 10.000 kroner frå sanitetsforeininga i Øyane, og BMV Berland Maskin & Vedlikehald, som skal gjennomføra jobben, tar delar av arbeidet på dugnad.

– Har du meir pengar enn du treng til prosjektet?

– Vi ligg i alle fall godt an, men med ekstra midlar kan vi gjera stien ekstra fin og god, kanskje få opp nokre benkar eller til og med legga rør så vi ein gong kan få nokre lys langs traseen.

– Eg er uansett veldig takksam for både pengane og responsen, det betyr at mange gler seg over prosjektet.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.