Lokal | 05. des. 2010

Opnar maritim barnehage

Satsar på sjø: Skeisbotnen Barnehage, som opnar måndag, byr på akvarium og fisketurar i eigen skjergardsjeep.

Opnar maritim barnehage
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. des. 2010 06:40

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Måndag opnar ny barnehage, Skeisbotnen Barnehage, på Nore Neset.

- Vi startar litt puljevis, 44 ungar er venta inn dørene på opningsdagen, seier styrar Anita Teigen.

- Fysisk kapasitet i barnehagen er 110 plassar for ungar mellom 0 og 6 år, men vi startar med 67 ungar og 16 tilsette i dei fire avdelingane.

Teigen har jobba i barnehage i Stavanger, Askøy og Bergen før ho fekk jobben som styrar i Skeisbotnen.

Tredje Nord-barnehage
Det er Bjarte Nord, som bur i Oslo, men har vakse opp i Os, som eig den nye barnehagen.

- Vi blei tipsa om det godt eigna området i Skeisbotnen og slo til, fortel han.

Frå før eig Nord to andre barnehagar, ein på Askøy og ein i Oslo. Far til Bjarte, arkitekt Stig Nord, står bak både plan og arkitektur.

Nore Neset Barnehage har planar om flytting, men Skeisbotnen Barnehage er ikkje den som erstattar barnehagen oppe ved skulen.

Maritimt fokus
Saman med den spreke arkitekturen og dei spennande «grottene» inne i barnehagen er satsinga på sjø med på å gjera Skeisbotnen Barnehage spesiell.

- Vi kjem til å gjera som på Askøy, kjøpa skjergardsjeep og ta ungane med ut og fiska. I tillegg skal vi bygga akvarium med saltvatn oppe i barnehagen, fortel Nord.

Barnehagen har bygd ny veg med fortau, gatelys og bru, frå bustadområdet i Skeisleira og rundt 300 meter inn på flaten der barnehagen ligg.

Til akvariumet har dei lagt leidning frå barnehagen og dei rundt 200 metrane ned til sjøen for å kontinuerleg forsyna akvariumet og skalldyra og fiskane med fersk sjøvatn.

- Her skal ungane få bli endå betre kjent med livet i fjorden og fjøra. Vi har gjort tilsvarande på Askøy, vi synes det er naturleg med maritimt fokus for ungar som veks opp i kystkommunar.

Tryggleik viktig
Nord meiner det å ta barnehageungar med til sjøen og ut i båt ikkje treng å vera farleg.

- Med små grupper med ungar, alle med redningsvest, og gode rutiner blant tilsette, vil vi sørgja for at ungane har det trygt hos oss, også når vi er ved sjøen eller i båt.

- Når vi går til sjøen for å vera ved sjøen eller reisa i båt er vi naturlegvis godt førebudde, det er heilt noko anna enn for eksempel ta ei gruppe med ungar, utan redningsvest, på spasertur forbi eit vatn. Det at vi har miritimt fokus gjer at vi også er veldig opptatt av tryggleik, forsikrar Bjarte Nord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.