Lokal | 01. okt. 2019

Opnar nummer 83 på AMFI

Rask og rimeleg: I ettermiddag opnar frisørkjeda Cutters salong i Os.

Opnar nummer 83 på AMFI
Straks klare for opning. F.v. Stephanie Huseklepp frå «Opening Team», salongansvarleg Anette Wessel og frisør Katrine Strøm Nilsson. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 01. okt. 2019 12:12

Bildeserie:

Cutters på AMFI vert den 83. salongen til frisørkjeda. (Foto: KOG)
Cutters på AMFI vert den 83. salongen til frisørkjeda. (Foto: KOG)
Salongen opnar i ettermiddag. (Foto: KOG)
Salongen opnar i ettermiddag. (Foto: KOG)
1 av 2
Cutters på AMFI vert den 83. salongen til frisørkjeda. (Foto: KOG)
Salongen opnar i ettermiddag. (Foto: KOG)

Kristian Solheim, gründer og dagleg leiar i Cutters-kjeda, fortel at tanken bak frisørkjeda er å tilby ei enklare kundeoppleving til ein lågare pris.

– Det skal vera lett å koma seg til ein av våre salongar, vi køyrer kun drop-in, og ein klipp skal ikkje ta meir enn 15 minutt.

Korleis og kva

– Drop in til låg pris - er dette i hovudsak for gutar og menn?

– Nei, vi har kundar i alle aldrar, og fordelinga mellom kvinner og menn er faktisk 50/50. Kvinner betaler i andre salonger veldig ofte meir enn menn for ein hårklipp, sånn er det ikkje hos oss - her betaler alle det same.

Solheim fortel at Cutters berre tilbyr klipp og enkel styling, ikkje farging eller andre tilleggstenester. Klippen tek bare 15 minutter, og prisen er den same uansett kjønn og alder.

– Går vi over tida går det på oss, det kostar ikkje kunden noko ekstra.

AMFI er nummer 83

Cutters vart starta i 2015, og har sidan ekspandert.

– Vi har i løpet av desse fire åra opna 82 salongar. Nummer 83 opnar vi i Os i ettermiddag.

– Vi er no tilstades i 5 marknadar; i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Nederland.

– Har konseptet blitt godt motteke alle stadar, og kva for kriterie ser de etter før de opnar - har inbyggjartal noko å seia?

– Det er noko skilnad på mottakinga frå plass til plass, men generelt sett gjer Cutters det bra i heile Noreg - og vi er ikkje bekymra for om vi vil få kundar i Os òg.

Gler seg til å driva på Amfisenteret

Annette Wessel blir salongansvarleg på AMFI Os. Ho har same stillinga på Cutters sine salongar på Lagunen, Laksevåg og på Bergen Storsenter.

Wessel seier at det i byrjinga vil vera fire frisørar i sving på AMFI, men at dette kan aukast til seks etterkvart.

– No gler vi oss berre til i koma i gang, og i ettermiddag og kveld vert det gratis klipp til alle som tek turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.