midtsiden

Opnar ny nattklubb

Opus-eigar Espen Risti opnar saman med Bergen Servering ein stor, ny uteplass i Fagerthun-huset.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Med investeringar på rundt to millionar kroner og etter streken til ein arkitekt som har teikna er lang rekkje nattklubbar i Noreg vil Opus-eigar Espen Risti saman med Bergen Servering opna ein topp moderne uteplass i Os.

- Lokalet er heilt rått, når vi får rive ned og bygd opp igjen denne etasjen så får osingar og tilreisande ein veldig fin stad å festa, seier Risti til Midtsiden.no.

Signerte i påsken
Store delar av Fagerthun-huset har stått tomt i fleire månadar. Renseriet har flytta ut av første etasje og Matstova og kinarestauranten som heldt til i andre etasje blei lagt ned.

Før jul gjekk det rykter om at det skulle koma restaurant i første etasje, og Bar2Be sin julepub i desember skapte snakkis om ny utestad. Men så blei det stille.

- Huseigar Anders Fagerthun tok kontakt med meg, og var også i dialog med Bergen Servering. Bergen Servering eig blant anna KaliBar og Scotsman i Bergen og Luux i Oslo og Bergen frå før.

- Vi danna selskapet Irish Cat AS saman, med 50 prosent av aksjane kvar, for å starta ny uteplass på Os. Men Irish Cat blir neppe namnet på uteplassen, seier Espen.

Smarte strekar
Tømminga av lokala er i gong, og ein arkitekt med lang erfaring innan det å designa nattklubbar skal laga planane for den nye utestaden.

- Vi har hyra arkitekt Einar Salomonsen. Salomonsen har teikna ei rekkje nattklubbar i England, Oslo og Bergen, for eksempel Bocca og Feliz, han er truleg den i Noreg som har innreia flest uteplassar.

Vil bygga balkong
Den drygt 250 kvadratmeter store etasjen skal bli heilt ny, og få fleire avdelingar. Diskotek, LIVE-scene og pub er på ønskjelista, med plass for både vaksent og yngre publikum.

- Vi har også lyst til å bygga balkong rundt heile bygningen, med markise og varmeomnar så folk kan sitja ute store delar av året om dei vil ha seg ein røyk. Får vi dette til så kan vi nok få plass til rundt 300-400 gjestar, trur Risti.

Opningsdato og Opus
Rett over gata held Espen Risti sin Opus Café & Bar til. Kva skjer med Opus når den nye utestaden opnar?

- Vi har leigekontrakt til oktober 2011 og har planar om å halda ope ut kontraktstida. Huseigar har ønskje om å bruka lokalet til noko anna, så om halvtanna år er vi ute frå Oshjørnet.

Risti reknar med at den nye utestaden står klar til opning i løpet av juli i år.

Fleire saker