Næringsliv | 09. jan. 2012

Opnar proffbutikk i Elvebakken

– Proff Verktøy blir liten, men stor, seier Beate Dale. Fredag er det opning.

Opnar proffbutikk i Elvebakken
Beate Dale på trappa i Elvebakkenfire dagar før opning av Proff Verktøy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 09. jan. 2012 22:31

Beate Dale, som tidlegare jobba for Os Byggsenter, har tatt permisjon frå jobben hos namsfogden i Bergen for å driva butikk heime i Os.

– Eg trur det skal bli kjekt å koma tilbake til byggebransjen, seier Beate.

Fredag opnar ho butikken Proff Verktøy, med arbeidsklede, sko, verneutstyr og verktøy retta mot proffmarknaden og kvalitetsbevisste hobbysnikkarar.

Stort utval i lite lokale

Bygningen i Elvebakken sto tom ei stund etter at huseigar Fløysand Tak flytta med Fløysand Blikk til større lokaler i Industrivegen. Så kom Prosjekt Vest Bygg AS på plass i 2. etasje og no er det snart klart for sal av byggevarer på gateplan.

– Lokalet er ikkje så stort, men utvalet er spissa på gode merker og viktige varegrupper for dei som driv i byggebransjen.

– Og du skal reisa langt for å finna betre utval. Representanten frå Makita-verktøy sa at dette var det største Makita-veggen han hadde montert.

God respons før opning

Ideen til butikken var det huseigar Gudmund Fløysand som kom med. Beate er sambuar med ein av dei som jobbar hos Fløysand, Robert Hjørnevik, som også blir litt engasjert i drifta.

– I Fløysand Tak og Fløysand Blikk har vi handla mange av desse varene i Bergen. Eg synes det er kjekkare å handla i Os, og det er det tydelegvis fleire som synes.

Gudmund fortel om fleire fine tilbakemeldingar på butikk-planane, og seier at butikken har leverandørar med stor nok kapasitet til å levera til "kven som helst" når det kjem til storleik.

Med logo

Medan Dale satsar på Makita når det gjeld verktøy er det Tranemo og AKS som gjeld når det kjem til arbeidsklede.

– Vi får også festemateriell, verneutstyr og sko. Dessutan kan vi levera arbeidsklede med logo og andre trykksaker på.

I kjellaren skal det også byggast eit showroom.

–Eg håper det blir klart til fredag, seier Beate Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.