Sport | 04. feb. 2020

Opnar salongen for alle - med ambisjon om å nå 100 medlemmar

Os Biljard & Snooker med faste opningstider i nytt lokale.

Opnar salongen for alle - med ambisjon om å nå 100 medlemmar
Rune Bergsvåg i ny salong måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. feb. 2020 11:13

Os Biljard & Snooker Klubb er i drift i nytt lokale i nabobygget i Ulvenparken.

Klubben har auka frå 300 til 500 kvadratmeter, frå 4 til 6 biljardbord og frå 5 til 8 snookerbord.

Til helga er dei vertsskap for NM i biljard for damer, når dei siste snookerborda er på plass blir det offsiell opning.

Køyrer faste opningstider for drop in-kundar

Reidar Rundsveen, ei av eldsjelene og ein av dei mange aktive spelarane i klubben, fortel om god rekruttering.

– Særleg ungdomssatsinga på biljard, som vi starta i fjor vinter, har slått godt an. Det er generelt høgt aktivitetsnivå, med trening 5-6 dagar i veka.

Biljard- og snookerveteran Reidar Rundsveen. (Foto: KVB)
Biljard- og snookerveteran Reidar Rundsveen. (Foto: KVB)

– Vi har 55 medlemmar no, og vi har mål om å uaka til 100 medlemmar innan utgangen av 2020.

Frå å vera open berre i treningstida, men med ei løysing der medlemmane kan låsa seg inn når det passar, går klubben no over til også å ha faste opningstider.

– Då vi tok nytt lokale i bruk starta vi samtidg med faste opningstider. No har vi ope kvar kveld frå søndag til fredag, om folk vil innom og spela ein time eller fem så er alle velkomne!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.