Opnar som museum

I neste veke opnar Oselvarverkstaden som Economuseum.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. des. 2009 15:04

Som den andre verksemda i Noreg blir no Oselvarverkstaden med i nettverket Economuseum.

Oselvarverkstaden er ombygd og tilrettelagd som Economuseum, og opnar samstundes ny utstilling torsdag 10. desember.

Économusée er eit opphavleg canadisk nettverk som no blir utvida til Europa gjennom prosjektet Économusée Northern Europe.

Målet med Économusée er å marknadsføra og halda liv i tradisjonelle handverksfag og ta vare på handboren kunnskap, skriv dagleg leiar Åsmund Lien i invitasjonen som blei sendt ut i dag.

Nettverket organiserer og utviklar små, spesialiserte bedrifter innan kunsthandverk og tradisjonelle handverksfag. Verksemdene opnar dørene sine for publikum og byr på lærerik og interessant oppleving.

Ordførar Terje Søviknes står for opninga, medan det òg blir helsing frå Hordaland fylkeskommune og Det internasjonale Économusée-prosjektet ved Helge André Njåstad og gratulasjonar frå prof. Claude Dubé frå Quebec.

Styreleiar Atle Ove Martinussen fortel om Oselvarverkstaden som Economuseum, medan
Lise Finne fortel om kunstprosjektet og Åsmund Lien tar gjestane på omvising.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.