Lokal | 27. sep. 2011

Opnar terapeutfellesskap

Det kjem stadig nye tilskot på stamma av tilbod i sentrum. Siste er LakShmi terapeutfellesskap i Landboden.

Opnar terapeutfellesskap
Andris Hamretirsdag 27. sep. 2011 09:47

Herdis Aspenes overtok butikklokala i Landboden i 2009 og fekk innreia to behandlingsrom for aromaterapi i tillegg til butikklokalet. Grunna langtidssjukemelding kom ho aldri skikkeleg i gang og butikken har berre vore open ein gang i blant.

- No var det på tide å gjera noko og vi blir etterkvart ti terapeutar inna forskjellige behandlingsformer som har slått oss saman med Herdis, fortel Monica Moberg.

- Det kan ikkje berre vera røyrleggjarar i Landboden, smilar Moberg.

Frå aromaterapi til healing og figurforming

Moberg driv sjølv med TFT (Tankefelt teknikkar), aromamassasje, fotpleie og er i ferd med å utdanna seg til aromaterapeut. Saman med seg i det nye fellesskapet får ho no i oppstarten Lene Sælen Bakervik (Aromamassasje i ferd med å bli aromaterapeut), Maria McDaid (Fotsoneterapi), Anne Kristin Gjøstein (Aromamassasje, Akupunktur og Healing) og Gudridur Thorsteinsdottir (Figurforming).

- I løpet av oktober kjem det i tillegg ein kinesolog, to hudpleiarar og ein negledesignar, fortel Moberg.

Fullt hus under marknadsdagane

Dei seks damene er allereie i sving, men opnar for fullt frå 1. oktober.

- Vi hadde ein liten test under marknadsdagane kor vi heldt ope hus og lot folk få ein gratis prøvetime.

- Det blei ein ubetinga suksess med omlag 100 personar som prøvde ut eit av tilboda våre, seier Moberg.

«Heile» døgnet

Fleire av damene har fulltidsjobb ved sidan av arbeidet som terapeuter. Anne Kristin Gjøstein kjem til å vera i butikken mandag til torsdag på dagtid.

- Lene og eg vil satsa på dette på fulltid, medan dei andre tek det på fritida.

- Folk som vil bestille time hjå oss kan berre stikke innom butikken, eller ringe direkte til ein av oss, forklarar Moberg.

Dei seks damen kjem til å halde behandlingsromma opne etter kundene sine ønskjer.

- Eg reknar med at det blir behandlingar frå ni til ni, smilar Moberg.

Eineimportør

Herdis Aspenes, som er innehavar av butikken er glad for å ha fått med seg dei andre terapeutane slik at butikken no kan vera open på meir regulær basis.

Ho er eineimportør av Lakshmi sine eteriske oljar og produkt i Noreg. I tillegg til butikken i Landboden driv ho ein nettbutikk.

- Eg håpar at butikken i Landboden no ikkje oppfattast kun som ein butikk, men at den kan vera ein stad der alle kan koma innom anten for å freiste produkta, for å få behandling eller vera med på kurs, seier Herdis Aspenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.