Båt og sjøliv | 16. juli 2025

Opne naust: Hadde åtte «kundar» den første halvtimen

Frå no kan då låna oselvar fem dagar i veka. Eller utforska naust og verkstad.

Opne naust: Hadde åtte «kundar» den første halvtimen
FØRSTE VAKT: Matias Dahlberg og Tobias Nikolai Bogevik Lunde er to av dei fem ungdomane du kan møta på Oselvarverkstaden i sommar (gubben i bakgrunnen har vore i naustet i litt fleire år). Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. juli 2025 14:22

I starten av juni kunne Oselvarlaget fortelja om ein sommar der både laget sitt naust og Oselvarverkstaden skulle bli ekstra tilgjengeleg.

I dag var det opningsdag for «opne naust» i Hamnevegen.

Der kan du både besøka verkstad og naust, sjå verktøy og video – og låna oselvar heilt gratis.

Midtsiden var innom ein halvtime etter opning.

Når ungdomen inntar «Oselvargata». Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Når ungdomen inntar «Oselvargata». Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– Det kom ein familie på fire for å låna båt. Dei er no ute og ror, seier Matias Dahlberg og Tobias Nikolai Bogevik Lunde, to av dei fem ungdomane som har fått sommarjobb i naust og verkstad.

Samtidig sat fire andre gjestar i verkstaden og såg video om byggekunsten og båten.

– Vi har allereie fått nokre gode spørsmål, og svart så godt vi kan. Men videoane er gode å ha, innrømmer ungdomen.

F.v.: Kjell Karlstad, Kjell Nedreaas og brørne John Ove og Knut Hindenes. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
F.v.: Kjell Karlstad, Kjell Nedreaas og brørne John Ove og Knut Hindenes. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

I kinosalen i Oselvarverkstaden sat Kjell Karlstad, Kjell Nedreaas og brørne John Ove og Knut Hindenes.

Karlstad googla seg fram til ope naust og tok buss frå Kråkenes til Os i dag.

– Eg har sjølv fått tak i ein gamal bindalsfæring. Båtbyggaren og litt historikk fekk eg òg tak i, etter litt brevskriving, fortel Karlstad.

– Båtbyggarfaget interesserer meg, eg er glad det er gode opningstider her i sommar.

Gamal og rekonstruert utgåve av åttringen har stått utstilt i Vognhallen sidan skulptursymposiet. Foto: Oselvarverkstaden
Gamal og rekonstruert utgåve av åttringen har stått utstilt i Vognhallen sidan skulptursymposiet. Foto: Oselvarverkstaden

På nabostolen sit ein annan Kjell, Kjell Nedreaas reiste til Os saman med brørne John Ove og Knut Hindenes.

– Vi kjem frå Austfjorden og reiste opp her for å sjå åttringen bygda vår har bestilt rekonstruksjon av.

Den står i Vognhallen for å bli olja.

– At naustet var ope er ein bonus! Kanskje blir det rotur i oselvar på oss før vi reiser heim, seier dei fire.

Frå onsdag til søndag, fire veker fram, kan du no sjå dette skiltet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Frå onsdag til søndag, fire veker fram, kan du no sjå dette skiltet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Basen til ungdomane er i Oselvarverkstaden, naustet nærmast Osbrua.

– Dei som vil låna båt må koma bort til oss, så blir vi med til Oselvarnaustet for å henta redningsvest og årer.

Oselvarane ligg klare til bruk i finvêret (men akkurat her midt i ei byge med sommar-regn). Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Oselvarane ligg klare til bruk i finvêret (men akkurat her midt i ei byge med sommar-regn). Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Timinga på sommaropne naust er god, vi ligg an til å få den finaste julimånaden på fleire år.

Spesielt dagen i dag, og torsdag, skal bli varm, 27 til 29 gradar!

Det er meldt 25-27 gradar og nesten skyfri himmel til og med søndag. I neste veke skal det òg vera minst 22 gradar, men noko regn enkelte dagar.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.