Lokal | 05. feb. 2013

Opning med rekord

Vedholmen Galleri sesongopna med publikumsrekord då dei laurdag inviterte til vernissage. Drygt 130 fann vegen til Lepsøy.

Opning med rekord
Musikar Gabriel Fliflet og gallerieigar Vibeke Harild (Foto: Vedholmen galleri)
Kari M. Lyssandtirsdag 05. feb. 2013 13:21

- Det kom så mykje folk at nokre måtte stå ute, medan andre søkte ly i 2. etasje og fekk med seg konserten gjennom golvet, fortel innehavar Vibeke Harild.

Vernissasje med musikalsk ramme

Det er kunstnaren Feng Xian Lin som opnar sesongen med utstillinga Stillhet og vitalitet som inneheld både akryl- og oljemaleri.

Med på vernissagen var også Ingebjørg Astrup som held opningstale og Gabriel Fliflet som stod for det musikalske innslaget.

Sesongopninga gav Vedholmen Galleri publikumsrekord med over 130 besøkjande, noko Harild er særs nøgd med.

Kan vera heilårsgalleri

Det er i sommarhalvåret og i finvèret galleriet har hatt mest besøk.

- Dette er kun andre året sidan vi starta for over tolv år sidan at vi har hatt opning så tidleg på året.

Opninga til juleutstillinga i 2012 var også populær. Då kom det over 80 besøkjande, medan på sommarstid plar besøkstalet ligga på rundt 100.

- Denne helga viser at vi klarer å ha eit fungerande heilårsgalleri så langt frå Bergen sentrum, utan kommunal og fylkeskommunale driftstilskot.

Harild og ektemannen/medinnehavar Peter Marron er svært takksame for at så mange tok seg tid til å vitja dei på ein grå og fuktig februardag, og fortel at det har vore eit mentalt løft for gallerieigarane.

- Utan profesjonelle kunstnarar og eit interessert og oppsøkjande publikum, så er vi ingenting her ute på skjæret på Lepsøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.