Opning, utstilling og oppvising
I dag er det fest for ny dobbelhall. Her ser du bildeserie av byggeprosessen, og litt av programmet for dagen.
Os fleirbrukshall på Kuventræ sto klar til bruk ved skulestart i august.
Til kranselaget i februar sette vi saman bildeserien i videoruta over.
• Sjå bildeserie av innsida av dobbelhallen
Ordførar og president
Den offisielle opninga er i dag, søndag 11/11, med start klokka 11.11.
Opningsfesten er open for alle, og opningsseremonien inkluderer tale av ordførar Terje Søviknes og helsing frå idrettspresident Tom Tvedt.
Så blir det oppvisning med CheeriOs (cheerleading og med kampsportklubbane som trener i den nye dobbelhallen.
Fleire idrettslag stiller påå med stand for å fortelja om tilboda sine, og utover opningsdagen er det hoppemadrass for dei yngste, minihandballturnering og volleyballkamp.
Innhald
Bygget er på rundt 54 x 53 meter i grunnflate (2900 kvm), integrert i dagens foajé til Oshallen og Osbadet.
Parkeringskjellaren får 95-100 plassar. Dette er vesentleg meir enn parkeringsplassen som blei ofra for å få plass til bygget. I tillegg kjem 30 nye parkeringsplassar utandørs.
Innhaldet i hallen, over parkeringskjellaren er:
1. etasje
• Nytt inngangsparti med stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk, begge kan delast i tre med skiljevegg
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)
2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.