Opningscup og talar på Nore Neset

Både ordførar og fotballkrets stilte med gåve til idrettslaget.

F.v.: Marie L. Bruarøy, Egil Krukhaug og Lars Fredriksen under den offisielle opninga i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. okt. 2017 14:46

Bildeserie:

400 spelarar deltok på opningscupen. (Foto: KVB)
Nore Neset har no to fotballbanar. (Foto: KVB)
For under to år sidan var dette ei torvmyr. (Foto: KVB)
Egil Krukhaug, leiar i NN il. (Foto: KVB)
Spelarane var samla for å få med seg opninga. (Foto: KVB)
Krukhaug, Arne Døsen og Eirik André Hesthamar. (Foto: KVB)
Nytt bygg med garderobar og klubbhus er klart i 2018. (Foto: KVB)
Cupen heldt fram, her med premieutdeling til G2008. (Foto: KVB)
Fair Play-helsing før kamp. (Foto: KVB)
Stolpeskot. (Foto: KVB)
Dei yngste spelte 3 mot 3. (Foto: KVB)
Dei eldre boltra seg på nyebanen. (Foto: KVB)
400 spelarar deltok på opningscupen. (Foto: KVB)
Nore Neset har no to fotballbanar. (Foto: KVB)
1 av 12
Nore Neset har no to fotballbanar. (Foto: KVB)
For under to år sidan var dette ei torvmyr. (Foto: KVB)
Egil Krukhaug, leiar i NN il. (Foto: KVB)
Spelarane var samla for å få med seg opninga. (Foto: KVB)
Krukhaug, Arne Døsen og Eirik André Hesthamar. (Foto: KVB)
Nytt bygg med garderobar og klubbhus er klart i 2018. (Foto: KVB)
Cupen heldt fram, her med premieutdeling til G2008. (Foto: KVB)
Fair Play-helsing før kamp. (Foto: KVB)
Stolpeskot. (Foto: KVB)
Dei yngste spelte 3 mot 3. (Foto: KVB)
Dei eldre boltra seg på nyebanen. (Foto: KVB)
400 spelarar deltok på opningscupen. (Foto: KVB)

I påsken i år blei graset rulla ut, i løpet av april var banen klar til bruk og i mai kom Trond Mohn inn med ei gåve på to millionar kroner.

– Denne rause gåva gjorde at vi òg kunne setja i gang med bygging av idrettshuset, fortel leiar i Nore Neset idrettslag, Egil Krukhaug.

Eit bygg mellom dei to ellevarbanane er reist. I løpet av 2018 skal det stå klart med tre garderobar, inkludert dommargarderobe, toalett til publikum, kontor og klubbhus.

I dag er 400 fotballspelarar frå 1. til 6. klasse i sving på opningscup. Klokka 12 var det pause i cupen og talar ved Krukhaug, ordførar Marie Lunde Bruarøy og styremedlem i Hordaland fotballkrets, Lars Fredriksen.

«Kan EG gjera meir for idrettslaget?»

Krukhaug takka Os kommune for tomta og pengestøtte, idrettskonsulent Tom Leonsen for god hjelp, fotballkretsen for pengestøtte via Mohn-fondet, andelskjøparar, private og firma.

– Eg er stolt over kva vi saman har fått til og audmjuk ovanfor den oppgåva vi har med å forvalta dette fine anlegget.

Bruarøy fortalde korleis området var då ho i 1997 gjekk ut av ungdomsskulen på Nore Neset; eit lite klubbhus og ein grusbane, og sa at ho er imponert over korleis området har utvikla seg dei siste 20 åra.

– Dette er både ein arena for organisert idrett og ein god og viktig samlingsplass for alle som bur her.

– Eg har inntrykk av at det er ei hard kjerne av frivillige som gjer ein formidabel innsats for idrettslaget. Når laget og anlegget veks aukar også arbeidsmengda. Mi oppfordring er at fleire sluttar seg til dugnaden, at alle spør seg sjølv «kan eg gjera meir for idrettslaget?».

Bane nummer 136

Etter at Bruarøy hadde erklært banen for opna fortalde Lars Fredriksen frå NFF Hordaland at den nye banen på Nore Neset er ellevarbane nummer 136 i fylket.

– Nore Neset er eit aktiv og veksande idrettslag med 24 barnelag, 16 av dei med gutar, 8 med jenter, 9 ungdomslag og 2 seniorlag.

Fredriksen og Bruarøy hadde med seg kvar sitt nett med ballar i gåve til vertskapen. Etter overrekking kunne cupen halda fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.