Opningsfest for Friplassen
Søfteland TIL fekk friidrettspresident Tore Hordnes til å opna Vestlandets første friplass.
Bildeserie:
Det er tre veker sidan Søfteland TIL arrangerte første stemne på det nye, kompakte friidrettsanlegget ved skulen, men den offisielle opninga var første i dag.
Trass tett regn var det godt oppmøte for å høyra talar av både ordførar Terje Søviknes, STIL-leiar Kato Nordland, den lokale idrettstjerna Kjersti Tysse Plätzer og av Tore Hordnes.
– Det er veldig kjekt for meg å få lov å opna den første friplassen på Vestlandet. Eg gler meg på vegne av idrettslaget, av dei som bruker anlegget på fritida og ikkje minst på vegne av skulen og elevane ved Søfteland skule, sa Hordnes, som etter fleire år som nestleiar i oktober overtok som president i Norges friidrettsforbund.
Takka skulen, Mohn og gode medhjelparar
Søviknes viste til kor godt det fungerer når du får eit trepartssamarbeid mellom det offentlege, frivillige og private støttespelarar.
Leiar i STIL, Kato Nordland, starta med å takka gåvegjevar Trond Mohn.
– Utan Mohn hadde det ikkje gått, i alle fall ikkje så fort, å få bygga friplassen. Eg vil og takka Sverre Sørnes, som anbefalte prosjektet til Mohn.
I tillegg takka Kato både skulen, som ved å frigje området fekk fart i sakene, eldsjelene Einar Vevatne og Dag Gåssand, Erling Andersen og si eiga «høgre- og venstrehand», Kjetil Haukeland.
Ishall next?
Idrettskoordinator Tom Leonsen og prosjekleiar Ole Håkon Sælen frå Os kommune fekk òg si takk. Så kom ei helsing med to bodskap til politisk leiing.
– Vi vil takka Terje og Marie (ordførar og varaordførar Søviknes og Bruarøy) for at dei sa ja nærmast på strak arm, og for resten av det politiske apparatet som stilte seg bak. Vi treng også idrettshall og ishall på Søfteland, sa Nordland, og hausta latter og applaus.
Ungane var raskast
Innimellom og etter talane var både ungar og vaksne i sving med stafett, kappgang og 60-meter.
I kappgang stilte lokale talent og tilreisande ungdom, blant anna frå Tromsø, som er på treningssamling på Søfteland denne veka.
I stafett stilte både ungar, lærarar og styret i STIL med kvar sine lag i 2 x 4x100 meter.
– Eg er glad vi slo lærarane, seier Kato Nordland om styret, som måtte sjå seg slått av dei spreke ungane på Søfteland.
Tidlegare OL-sølv-vinnar i kappgang, Kjersti Tysse Plätzer, fanga ungane si merksemd då ho, til liks med ordføraren snakka om bruk av anlegget.
Ho fekk dei inn på vinnar-sporet og snakka om treningsglede og det å setja seg små og store mål - og om korleis foreldre kan følgja opp ungane si treningsglede.
Festen blei avslutta med 60-meter og kakespising.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.