Opningsfest gjekk opp i røyk

10 minutt før Os kommune skulle overta den nye brannstasjonen gjekk alarmen. Den historiske første utrykninga gjekk til udramatisk omgang med tobakk.

Her rykker brannvesenet ut, for første gong frå den nye stasjonen, på dagen for overtaking, 12.12.2012. (Mobilfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. des. 2012 12:28

– Vi får håpa at det er nokre kakestykke igjen, seier Svein Rune Frantzen frå Os brannvesen.

I dag klokka 12, onsdag 12.12.2012, blir den nye brannstasjonen overrekt til Os kommune. Delar av festen gjekk opp i røyk for enkelte av dei tilsette.

Rundt 60 gjestar, arbeidarar og tilsette deltar på seremonien, men Frantzen og eit røykdykkarteam måtte stikka frå stasjonen klokka 11.50.

Utrykninga gjekk til Holt.

Huseigar har direkte varsling. Røykvarslaren var utløyst av tobakksrøyk. Det var med andre ord heldigvis ikkje brann.

Midtsiden kjem tilbake med meir om overtakinga og den nye brannstasjonen.

Les òg: På omvising éin månad før opning

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.