Lokal | 21. juni 2012

Opp-ned i Øyane

Ein båt med hol i skroget er funnen i Øyane. Kommunen håper eigar vil melda seg og få den fjerna.

Opp-ned i Øyane
Denne båten ligg til kai på Vedholmen ved Bruarøy. Er den din? (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juni 2012 10:35

Onsdag fekk Midtsiden tilsendt bilde av ein båt som ligg med kjølen opp, til kai ved den nedlagte butikken på Vedholmen.

– Etter mi meining bør den fjernast, skriv innsendaren.

Os brannvesen seier dei fekk melding om båt på rek for cirka to veker sidan.

– Ein naust-eigar fortalte at han hadde funne båten og slept den til land og fortøydd den, så ikkje nokon skulle kjøra på den, fortel Erik Walden i Os brannvesen.

Dette er truleg same båt.

– Sidan det verken er teikn på havari eller eit akutt forureiningsproblem har vi kasta ballen over til Os kommune, som følgjer opp når det er snakk om vrak eller forspøling.

– Men om eigar kjenner båten igjen er det fint om han tar hand om dette sjølv, anten reparerer den eller kvittar den med seg på skikkeleg vis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.