Kultur | 05. mars 2015

Opp og ned på Tysnessåto

Konsert 753 meter over fjordskorpa lokka 550 til fjells på Tysnes i fjor. I år skal Lars Vaular synga på Såto.

Opp og ned på Tysnessåto
Lars Vaular, her på siste Søfteland Rock N LOL i 2013, syng på toppen av Såto under Tysnesfest til sommaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mars 2015 07:33

– Konserten på toppen av Tysnessåto i fjor var aldri meint at skulle bli nokon tradisjon. Men massivt press frå publikum og napp hos ein fantastisk musikar gjorde at vi bestemte oss for å få gjennomført ein spektakulær konsert til sommaren, seier festivalsjef Sigvard Madsen.

Tysnesfest har også tatt inn over seg at det i år er friluftlivets år, og håper å få 753 publikummarar til toppen av Såto, 1 per meter over havskorpa, i 2015.

I videoen nedst i artikkelen kan du sjå korleis det såg ut under fjellkonserten under Tysnesfest i fjor.

Lars Vaular, som platedebuterte i 2003, har hatt tett med hits. «Øynene Lukket», «Nonsens», «Solbriller På» og «Rett Opp og Ned» er nokre av dei.

Vaular er igjen klar med nytt album i «666 Alt», som er første del av ein albumserie. «666 Alt» inneheld blant anna låtane «Tyrannosaurus Sex», «DD Eg Gjør» og «Bodyslammin'», og har fått fantastiske kritikkar.

Frå før er desse artistane klare for Tysnesfest 2015 (8. til 12. juli):

Bertine Zetlitz
Bjørn Eidsvåg
Carola
DDE
Highasakite
Maria Mena
OnklP og De Fjerne Slektningene
Ralph Myerz & the Jack Herren Band
Åge Aleksandersen og Samdbandet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.