Politi | 15. mai 2023

Oppdaga innbrot i helga

Dør og vindauge er knust.

Hegglandsdalen barneskule har stått ubrukt sidan Borgafjellet barneskule opna, og skal seljast. (Arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. mai 2023 08:13

I løpet av helga har politiet fått melding om innbrot i den nedlagde skulen i Hegglandsdalen.

– Ytterdør er brote opp og vindauge er knust, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Kommunen blei varsla.

Leiar for drift av eigedom i Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland, fortel at dei har hatt mannskap på staden.

– Fleire ruter er knust. Det ser også ut som om eit pulverapparat er tømt i eller utanfor skulebygget, seier Søfteland.

– Vi vil venta med å trakka inne i bygget til politiet har vore på staden, men har sikra dør og vindauge. Det er eit nesten tomt bygg, og ikkje lagra nokre verdiar i bygget.

Kommunen har fått nokre tips frå naboar, seinast i dag. Eitt av dei er frå ein turgåar som såg skadane laurdag formiddag.

– Det er uvisst kor tid dei var her, men det kan ha vore fredag.

Både kommunen og politiet er interessert i tips.

– Det har dessverre vore nokre raid med hærverk i det siste. I dag kom det også melding om hærverk på nye Fusa ungdomsskule, i tillegg har det vore hærverk på bygningen i friluftsområdet vi kjøpte i Sperrevika tidlegare i vår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.