Lokal | 18. nov. 2016

Oppdatert kart med jordbruksareal i Os

Dei siste åra er 350 dekar anten bygd ned eller grodd igjen. Bjørnefjorden landsbrukskontor finn likevel lysglimt i utviklinga.

Oppdatert kart med jordbruksareal i Os
Kartet - her med markerte endringar etter 2008. (Kart: NIBIO)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. nov. 2016 12:59

Jordbruksareala i Os kommune utgjer 8.798 dekar, noko som tilsvarar 7 prosent av kommunen sitt landareal.

Det viser nye tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som har utvikla eit sokalla Arealbarometer for landets kommuner. Barometeret viser både kva arealressursar det er i kommunen, ut frå produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk, og kva jordbruksareala faktisk blir brukt til.

For Os kommune viser arealbarometeret at jordbruksarealet utgjer 8.798 dekar. Det er 7 prosent av landarealet i kommunen og tilsvarar om lag 1.232 fotballbanar.

Det er et hardt press på areal i tilknytning til tettsteder og boligområder, det er også her mye av den beste matjorda ligg.

Grasproduksjon dominerer

I Os kommune blir nær 68 prosent av jordbruksarealena i drift brukt til grovfôrproduksjon, i hovudsak gras.

Drygt 32 prosent er beite.

Arealbarometeret viser òg at jordbruksareala i kommunen er redusert dei siste åra, rundt 350 dekar er anten bygd ned eller grodd igjen.

Negativ og positiv utvikling

- I Os ser vi eit hardt press på areal i tilknyting til tettstadar og bustadområde, det er òg her mykje av den beste matjorda ligg. Den beste jorda er det rift om.

– Samstundes ser vi og at areal som er vanskelege å driva gror att. Dette gjeld særleg beitemark der ein har slutta med husdyr, men òg små teigar med dyrka areal som er vanskeleg å driva med dagens slåtteutstyr, forklarer landbrukskonsulent Johan Bergerud ved Bjørnefjorden landbrukskontor.

Kontoret ser samstundes stor interesse for utbetring av område med dyrka mark som er tungdriven.

– Det skjer gjennom bakkeplanering, fylling og nydyrkingsprosjekt. Vi ser òg ei auka interesse for rydding av attgrodd innmarksareal, særleg til beite. Dette er ei positivt utvikling, held Bergerud fram.

40 prosent færre på 11 år

Talet på gardsbruk med jord i drift er redusert med nesten 40 prosent i perioden fra 2004 til 2015, mens jordbruksareal i drift er redusert med 22 prosent i same periode.

Dette betyr at jordbruksdrifta er samla om færre og større bruk.

Den samme tendensen ser en også i de fleste andre kommuner i landet.

Bakgrunn og kjeldemateriale for Arealbarometeret

Informasjon om ressursgrunnlaget er henta frå arealressurskart (AR5) hos NIBIO.

- Over halvparten av jordbruksarealet i Os er det som blir kalla fulldyrka jord. Det er areal som kan nyttast til både åkervekst, eng og beite, og som kan fornyast ved pløying, forklarer Jostein Frydenlund, leiar for avdeling Landbrukskart ved NIBIO på Ås.

- I Os er det òg en del jordbruksareal registrert som innmarksbeite. Det er areal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan haustast maskinelt.

Innmarksbeite skal ha tydeleg kulturpreg.

- Minst 50 prosent av arealet skal vera dekka av kulturgras eller beitetålende urter, legg han til.

Viktig med oppdatert kart

- Kart er ferskvare og det er viktig at det blir halde oppdatert etter kvart som det skjer endringar, sier Frydenlund.

– Vi står ovanfor aukande utfordringar knytt til matproduksjon, klima og energi.

– Planleggarar og politikarar treng kunnskap om egenskapar og verdi for kvart område, avsluttar han.

Her ser du kart med innsyn for Os kommune.

Informasjon om korleis jordbruksareala faktisk blir brukt er henta frå Landbruksdirektoratet og kjem frå søknadar om produksjonstilskot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.