Lokal | 27. mai 2012

Oppgraderer Irisgården

Solsida til Os skal få seg eit løft i sommar. – Men alle leigetakarane våre held ope i heile perioden, forsikrar Jarl Berentsen.

Oppgraderer Irisgården
Irisgården blir pussa opp i sommar. Stillas er på plass og over pinse startar arbeidet for fullt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. mai 2012 05:48

Mykje har skjedd med Irisgården etter at Drageset i 2001, og senare Norgesgruppen, kom inn som hovudaksjonær. Året etter kom 11 leilegheiter på taket, samtidig som fasade og interiør blei pussa opp og modernisert.

– Det er viktig å ta vare på eit så fint, stort og synleg bygg som Irisgården, så no skal bygget gjennom full oppussing av fasaden.

– Prosjektet blir omfattande og kostbart, men vi har gode, lokale handverkarar i sving, og dei kjem nok til å bruka sommaren godt. Det blir oppussing rundt vindauge, flikking av mur og maling med spesialmaling som skal gje denne perla ein strålande fasade resten av sommaren og fleire år framover.

Tar tid

Arbeidet kjem til å stå på i mellom 1 og 2 månadar.

– Alle leigetakarane våre driv som normalt i denne perioden, og vi håper kundar og andre som besøker Irisgården er tålmodige i byggeprosessen.

Litt ledig

Irisgården er på cirka 6000 kvadratmeter, fordelt på fire etasjar.

I dag har Irisgården følgende leietagere: Os Lensmannskontor, Vinmonopolet AS, Bowling1, Mix-kjeden, Solsiden, Bjørnefjorden Hjertesenter, Institut for Familie, Janusfabrikken ,Jysk, Tannlegene Buanes, Visma (rekneskapsbyrå), Germanischer Lloyd , Fysioterapeut Hege Bull Skarvatun, kiropraktor Timmy Bøe, Iristannlegene og NMS Gjenbruk.

– Det einaste vi har ledig er eit kontor på 100 kvadratmeter. Eventuelt 200 kvm, då vi har ein leigetakar som vurderer å flytta frå sitt inn i det ledige på 100, fortel Berentsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.