Næringsliv | 03. sep. 2011

Opplev nye-Røttingøy

Etter fem månadar med ombygging klappa nye Røttingøy i går til kai. Søndag er det open båt.

Opplev nye-Røttingøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. sep. 2011 16:25

I januar var Dales Rederi på handletur i Irland, frå mars har båten som tidlegare heitte MS Paula lagt på verftet der den blei bygd, Eidsvik Skipsbyggeri i Uskedalen, for ombygging frå trål til ringnot.

Les òg:
Har kjøpt ny «Røttingøy»
Nøgn med nyebåten

Fredag i 18-tida segla nye-Røttingøy inn til Gjelevika og søndag inviterer reiarane til open båt.

– Sidan det har regna så mykje den siste veka fekk vi ikkje malt ferdig dekket. Vi hadde planar om å gjera dette heime før vi inviterte folk om bord, men no er det så dårlege meldingar også for neste veke at vi opnar båten sånn den er, seier skipper Olav Dale.

– Alt er ferdig på utsida og innsida, så får heller dekket vera som det er.

Då nyebåten kom heim blei gamle-Røttingøy, som førebels ikkje er selt, lagt frå land for å få den nye nærmast kaien.

Frå klokka 14 i morgon kan du koma om bord til lett servering og omvising.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir søndag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.