Kultur | 04. juli 2016

– Opplevingar som vil bli hugsa

Rapport og bildeserie: MOT-leirane er tilbake, i august er det dessutan tid for Friluftsskulen.

Den eine natta ba ungdomane om å få sova under open himmel. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juli 2016 09:52

Bildeserie:

Kvifor ikkje ta lunsjen i elva? (Privat foto/Vidar Øvredal)
MS «Hilde». (Privat foto/Vidar Øvredal)
Rapellering var del av programmet. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Elvevandring. (Privat foto/Vidar Øvredal)
... og bading. (Privat foto/Vidar Øvredal)
I lavvo på Vinnesholmen. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Lagbygging og konkurranse. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Vidar Øvredal har lang erfaring med å ta ungdom med utandørs. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Litt teori før padling. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Tur tl Høyt & Lavt var eit høgdepunkt for fleire. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Her var det fleire som viste mot. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Kristian Lund frå Os ungdomsskule var òg med på leiren. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Sykling var òg del av programmet. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Kvifor ikkje ta lunsjen i elva? (Privat foto/Vidar Øvredal)
MS «Hilde». (Privat foto/Vidar Øvredal)
1 av 13
MS «Hilde». (Privat foto/Vidar Øvredal)
Rapellering var del av programmet. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Elvevandring. (Privat foto/Vidar Øvredal)
... og bading. (Privat foto/Vidar Øvredal)
I lavvo på Vinnesholmen. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Lagbygging og konkurranse. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Vidar Øvredal har lang erfaring med å ta ungdom med utandørs. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Litt teori før padling. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Tur tl Høyt & Lavt var eit høgdepunkt for fleire. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Her var det fleire som viste mot. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Kristian Lund frå Os ungdomsskule var òg med på leiren. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Sykling var òg del av programmet. (Privat foto/Vidar Øvredal)
Kvifor ikkje ta lunsjen i elva? (Privat foto/Vidar Øvredal)

Etter mange år med MOT-turar, i hovudsak til villmarksleir i Øygarden, har det etter turen i 2012 vore stilt innan dette ferietilbodet for ungdom i Os.

– Då vi no tok opp igjen dette tilbodet, der kommunen sponsar store delar av opplegget og ungdomane betalar ein symbolsk sum, så har vi halde oss litt meir lokalt.

– Vi har brukt Vidar Øvredal før, og han har både utstyr, kompetanse og eit veldig godt lag med ungdomen. No let vi han køyra heile opplegget mens vi er med og assisterer, seier MOT-koordinator Ellen Merete Lyssand.

«Mykje gøyare enn Syden» var blant kommentarane frå ungdomen som var med i juni. Les rapport frå turen nedst i artikkelen.

– Lite påmelding - store opplevingar!

Årets MOT-leir blei avvikla veka etter skuleslutt, måndag til torsdag 27. til 30. juni. Vidar Øvredal skal, i saman med Bergen og omland friluftsråd (BOF), arrangera Friluftsskulen 8. til 11. august.

Alle ungdomane i 8. og 9. trinn ved begge ungdomsskulane i Os er inviterte.

– Det er begrensa med plassar på turane, og låg pris, derfor er det søknad om å bli med. Trass ein del omtale og annonsering var det likevel berre 13 søkjarar til 20 plassar, så alle kom med.

– Til Friluftsskulen har vi førebels ingen søkjarar, fortel Vidar Øvredal.

Ellen Merete seier ho trur at det er mange som framleis ikkje har fått dette med seg.

– Det har vore fire år utan MOT-tur og Friluftsskulen er ny. Sånn var det då vi starta med MOT-turar òg, med litt få søkjarar første året og fleire enn vi hadde plass til året etter.

– Dette er tre dagar og to overnattingar tettpakka med opplevingar. Tilbakemeldingane frå ungdomane er veldig fine og dei vi hadde i juni, cirka halvt om halvt med gutar og jenter, var veldig fin ungdom å ha med på tur, synest Vidar og Ellen Merete.

Friluftsskulen er på dagtid tre dagar, med éi overnatting for dei som ønskjer.

– Det blir som ein liten ferie likevel, med litt nye opplevingar, som eit fint avbrekk, spesielt for dei som gjerne ikkje skal på annan ferie med familien denne sommaren.

Om MOT-turen

– Det er første gong eg har vore på MOT-leir. Eg er glad i friluftsliv og er med i speidaren. Aktivitetane var varierte og leiarane er både flinke og veldig snille, seier Joacim Gudvangen til Midtsiden.

– Eg hadde det veldig kjekt, turen til Høyt & Lavt var kanskje det gøyaste, men det var mykje anna som var fint å vera med på, seier kameraten Sindre Hansen Eileng.

Her er Øvredal sin rapport frå MOT-leiren:

13 nøgde ungdomar har vore i aktivitet fra morgon til kveld.

Leiren starta med tur til klatreparken «Høyt og Lavt» der dei fekk testa den motoriske dugleiken og motet under trygge forhold. Rutene har fargekodar etter vanskegrad og høgd over bakken, og deltakarane vart råda til å gå gradene stegvis for å unngå at dei kom i «skårfeste» og dermed avhengig av hjelp frå dei tilsette i klatreparken. Når deltakarane først har kopla seg inn i «sikringssystemet» var det vanskeleg å ombestemma seg utan å forårsaka kø og assistanse fra klatrevertane. Ein vellukka dag der deltakarane fekk utfordra motet på ulikt nivå.

Vel tilbake til Os starta sykkelturen langs Kyststien og Molladalen utan annan bagasje enn drikkeflaska, som var god å ha i varmen. Ellen Merete køyrde bagasjen med bil og feltet av syklistar hadde ein vaksen i kvar ende.
Turen til Vinnesholmen er relativ flat og lettsykla, men etter den lange stigningen fra Venjaneset til Fusatun smakte det med pause og is.

Etter at telt var slått opp og tacoen fortært vart det innføring i kva som er viktig når det gjeld bruk av kajakk. Freesbeegolf, volleyball og badmington, men mest kajakk og badeliv resten av dagen.

Neste morgon vart syklane lessa på tilhengeren og turen gjekk til Vengsvatnet der vi padla kano til Kvanndalseva.

Etter matlaging på elvebredden vart det elvevandring med tilhøyrande bading i kulpane.

På heimvegen sykla vi den asfalterte skiskyttarløypa på Holdhus. Den byr på spanande kular, skarpe doserte svingar og utfordring med å berekna god nok fart nedover, for å klara den påfølgande bratte bakken opp i riktig gir.
Så var det betasuppe på dugnad før vi heiste segl på Colin Archer skøyta M/S Hilde.

Den første kvelden var det slutt på padling og bading klokka 22, då Vidar padla til Os for å henta bilen. Denne kvelden sette vi strek kl 24 og beordra tannpuss og legging.

«Får vi lov til å sova under open himmel?» Været innbaud til det, og med eit svakt vinddrag som holdt knotten vekke var det ingen motforestillinger. Alle sov under open himmel. Det er jo tross alt ein MOT leir, og for fleire var det sikkert ein ny erfaring.

Klokka 2gjekk eg ut og la meg med dei for å ha kontroll på at det vart slutt med spøkelseshistoriar og anna prat.

Siste dag stod rappellering og tubekøyring på timeplanen. Regnvær satte fart i nedpakking av telt og utstyr. Det som er kjekt med rappellering er at aktiviteten kan gjennomførast sjølv om berget er vått og sleipt, og at aktiviteten ikkje krev verken styrke eller teknikk, berre MOT.

Håper det blir tur i august

– Eg skulle nok vore på Facebook, men eg håper at det melder seg nok interesserte til at kurset på Ramsholmen/Vinnesholmen 8. til 11. august kan gå som planlagt.

Friluftskurset på Ramsholmen er berre på dagtid med moglegheit for ei overnatting på Vinnesholmen for dei som ynskjer.

– Ein får ikkje så mykje anna for 100 kroner pr dag På friluftskulen inkluderer det mat, bruk av utstyr og undervisning frå 9.30 - 15.00. Det er Friluftsrådet som tar størstedelen av kostnadane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.