Lokal | 03. mai 2018

Opprettar sak etter utforkøyring

Ein bil køyrde i autovernet i Hagavik onsdag.

Opprettar sak etter utforkøyring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mai 2018 07:33

Onsdag i 19.30-tida fekk politiet melding om bil i autovernet på Strønevegen.

Uhellet skjedde i nærleiken av avkøyrsle mot Kysthospitalet.

– Saka er ikkje ferdiskriven, men ut frå notatane ser det ut som om bil eller bilførar stakk vidare etter uhellet, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Politiet har i etterkant vore i kontakt med bileigar og dei har møttest for avhøyr.

– Det blir oppretta sak, men kvifor episoden blir meldt kjem ikkje fram av førebels notat.

Bileigar er ein mann i 20-åra frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.