Søre Neset-kaptein Emilis Zilinskas skåra 10 mål i årets sesong, gav alt i innspurten på opprykkssesongen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Opprykk og nedrykk i Hordaland

Eitt seniorlag frå Os rykker opp - eitt rykker ned. Her er liste over alle i fylket.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går publiserte NFF Hordaland ei oversikt over alle opp- og nedrykk i seniorfotballen i Hordaland.

Det einaste seniorlaget i Os som rykker opp er Søre Neset, frå 6. til 5. divisjon. Dei berga 2. plassen i nest siste runde.

Det einaste laget frå Os som rykker ned er Nore Neset/Lysekloster 2, frå 6. til 7. divisjon. Dei landa på 9. plass av 10 lag, 3 poeng frå å berga plassen.

3. divisjon, Norsk Tipping-ligaen

I den nasjonale Norsk Tipping-ligaen (3. divisjon) sto Lysekloster og Os på trygg grunn før siste runde, og landa på 2. og 11. plass etter lokaloppgjeret.

Neste år kan dei få selskap av Bjarg og Sandviken, som rykker opp frå 4. divisjon.

Opprykk:
Ingen frå Hordaland, Vard Haugesund rykker opp frå avdeling 4

Nedrykk:
Bergen Nord

4. divisjon

Opprykk:
Avd 1: Bjarg
Avd 2: Sandviken

Nedrykk:
Avd 1: Flaktveit og Vestsiden-Askøy
Avd 2: Trio, Øystese og Solid

Os 2 landa på 9. plass av 12 lag i avdeling 2.

5. divisjon

Opprykk:
Avd 1: Askøy og Nordre Fjell 
Avd 2: Austevoll og Mathopen 
Avd 3: Nordhordland og Voss

Nedrykk:
Avd 1: Follese og Skogsvåg
Avd 2: Juristforeningen og Vaksdal 
Avd 3: Fri, Austrheim og Gneist 2

Søfteland, som ikkje hadde ønskje om opprykk, og sto over ein kamp, landa på 4. plass 5 poeng frå opprykk.

6. divisjon

Opprykk:
Avd 1: Sædalen/Kringlebotn og Løv Ham
Avd 2: Hovding og Hausvik
Avd 3: Trane og Søre Neset
Avd 4: Bergen Nord 2 og NHH 2
(Baune 2 kan ikkje rykka opp fordi Baune speler i 5. divisjon)

Nedrykk:
Avd 1: Skjergard/Nordre Fjell 2, Inter Bergen og Hetlevik
Avd 2: Nordre Holsnøy og Eidsvåg
Avd 3: Nore Neset/Lysekloster 2 og Njardar/Tysnes
Avd 4: Loddefjord 3 og Lyngbø 2

Os 3 landa på 7. plass av 10 lag i avdeling 4.

7. divisjon

Avdelingsvinnarar/beste lag som kan rykka opp:
Ørnen
Odda
Austevoll 2 (Baune 3 kan ikkje rykka opp fordi Baune 2 speler i 6. divisjon i 2020)
Osterøy 2 (Lyngbø 3 kan ikkje rykka opp fordi Lyngbø 2 spelte i 6. divisjon i 2019)
Frøya 2

Tre beste toerar/nest beste lag som kan rykka opp:
Tertnes 2, Paradis & Telavåg 2
Kvalifisering om éin plass: Neptun – Lindås

Kvinner

Os sitt damelag kom på 5. plass av 12 lag i sin første sesong tilbake i 3. divisjon.

Vestsiden-Askøy rykker ned frå 2. divisjon, Loddefjord speler kvalik i kamp om opprykk til 2. divisjon.

Krabbetor og Solid/Trott rykker ned frå 3. divisjon. Lyngbø og Bremnes rykker opp frå 4. divisjon.

Sjuarlaget til Os, som vann serien som nystarta lag i fjor, landa på 6. plass av 7 lag i år.

Fleire saker