Sport | 11. nov. 2015

Opprykket rauk for Nore Neset 2

Det starta svært bra på Voss, men 0-2-leiinga var verken nok eller varig.

Opprykket rauk for Nore Neset 2
Nore Neset rykte opp med førstelaget, men andrelaget blir verande i 7. divisjon. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. nov. 2015 21:01

Nore Neset 2 hadde eit dårleg utgangspunkt, men trenar Arne Sælensminde meinte 1-5 ikkje teikna eit rett bilde av kampen og sa at gutane reiste til Voss for å rykka opp.

Ei stund såg det også ut til å gå vegen mot Voss 2, Nore Neset leia 2-0 etter rundt halvtimen spelt, og ifølgje publikum Midtsiden har hatt kontakt med var det spel mot eitt mål store delar av førsteomgangen.

Men så kom vertane tilbake og snudde kampen. 0-2 blei til 3-2. Nore Neset måtte hatt 7 mål til for å rykka opp til 6. divisjon.

Dei klarte å utlikna, men det blei med det eine målet etter pause.

Voss 2 - Nore Neset 2 3-3 (0-2)
Målskårar, Nore Neset 2: Anders Kinden (0-1) og Ørjan Bjørgo (0-2 og 3-3)
Nore Neset 2: Henrik Tiger Sandtorv - Paul-Kristian Haldorsen, Ruben Grindevoll, Audun Røren, Halvard Sandtorv, Torbjørn Hjelle, Lars Kristian Rennesvik Bruarøy, Stian Dahle, Arvid Rabben, Marius Melvold, Ørjan Hellesnes, Remy Snilstveit, Ivar Bøthun, Roger Aasen, Anders Kinden, Remy Kristoffer Storum Nybøe og Fredrik Sælen.

Med det er situasjonen motsett som i fjor, då Nore Neset/Søre Neset 2 kunne ha rykka opp, men Søre Neset/Nore Neset 1 ikkje klarte å koma seg opp frå 6. divisjon.

I år er Søre Neset sin 11-arfotball innlemma i Nore Neset, og førstelaget rykte opp til 5. divisjon to rundar før slutt mens det for andrelaget berre blei nesten.

– Total overkøyring

Nore Neset-trenar Arne Sælensminde er imponert over eige mannskap.

– Dei går ut i hundre og køyrer fullstendig over Voss i førsteomgang. Vi har stolpeskot og skot rett utanfor og vossakeeperen har nokre flotte redninger, det er nesten eit under at vi ikkje leiar mykje meir til pause.

Tre store etter pause

Gjestane frå Nore Neset heldt fram etter pause, men sleit framleis med å setja sjansane.

– Vi hadde tre store på dei tre første minutta av andreomgang, men det sto framleis 0-2.

Det gjekk eit kvarter før vertane skåra og Nore Neset 2 heldt fram med å jaga mål også ti minutt etter reduseringa.

– Då såg eg at dei byrja å bli slitne. Dei la ned eit godt stykke arbeid i går og kan vera nøgd med avsluttinga, sjølv om det ikkje enda med opprykk.

– No er det MidtsidenCup for fleire av spelarane, så tar vi ferie til over jul. Det har vore ein lang sesong med sju kampar i vinterligaen før seriestart, så no trur eg dei fleste er klare for litt fri, seier Sælensminde.

Midtsiden samlesiden: Nore Neset fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.