Sport | 09. mai 2012

Opptur for ungdomen

Vêret blei ikkje så bra, men stemninga var likevel fin då 240 åttandeklassingar i dag deltok på Opptur med Os Turlag.

Opptur for ungdomen
– Det var litt gjørmete, men det blei ein fin tur, synes jentene frå Søfteland og Lysefjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mai 2012 14:08

Bildeserie:

Samling og start på Kyrkjeflaten i Os sentrum. (Foto: KVB)
Samling og start på Kyrkjeflaten i Os sentrum. (Foto: KVB)
Gutane frå Nore Neset klare for fjelltur.  (Foto: KVB)
Gutane frå Nore Neset klare for fjelltur. (Foto: KVB)
Rundt 240 elevar frå tre skular deltok.  (Foto: KVB)
Rundt 240 elevar frå tre skular deltok. (Foto: KVB)
Gutar frå Os ungdomsskule.  (Foto: KVB)
Gutar frå Os ungdomsskule. (Foto: KVB)
Ordførar Terje Søviknes talte ned til start.  (Foto: KVB)
Ordførar Terje Søviknes talte ned til start. (Foto: KVB)
Enkelte tok starten på alvor ...  (Foto: KVB)
Enkelte tok starten på alvor ... (Foto: KVB)
... men dei fleste tok det i turtempo.  (Foto: KVB)
... men dei fleste tok det i turtempo. (Foto: KVB)
Så var det trekning av premiar.  (Foto: KVB)
Så var det trekning av premiar. (Foto: KVB)
Lærar eller elev? Litt humor høyrer med.  (Foto: KVB)
Lærar eller elev? Litt humor høyrer med. (Foto: KVB)
1 av 9

I dag blei Norges Turistforening (DNT) sin Opptur arrangert for 7. gong, med 30.000 norske 14-åringar på tur.

I ein rapport frå Helsedirektoratet kjem det fram at 15-åringar bruker 70 prosent av si vakne tid til stillesitjande "aktivitet". Årets Opptur er derfor viktigare enn nokon gong, meiner turistforeininga.

– At dagens ungdom sit meir stille enn pensjonistar bekymrer mange. Vi i DNT ønskjer å gjera noko med det. Alle landets 14-åringar er invitert med på ein topptur og av erfaring veit vi at for mange er dette deira første lille topp, seier Kristin Krohn Devold, generalsekretær i Den Norske Turistforening, til eigen nettside.

Første gong utan sol

Os Turlag arrangerte i dag Opptur for 5. gong i Os. Frå i fjor har alle dei tre ungdomsskulane deltatt med sine 8. klassingar.

– Vi blir rundt 240 elevar på tur i dag, seier Linda Ann Lohne til Midtsiden.

Elevane var samla på Kyrkjeflaten i Os sentrum for fellesstart klokka 9. Ordførar Terje Søviknes talte ned til start.

To timar over Borgafjellet

Turen gjekk frå Os til Nordmarka, gjennom skogen til Tøsdal, opp mot Møsnuken over til Borgafjellet og ned til Hjelle og Borgabygdo ned igjen til Os.

Det var inga tidtaking, men nokre postar med kunnskapskonkurranse på vegen.

Førstemann i mål var Konrad Oppedal. Han var nede på Os igjen etter rundt to timar. (Retta. Vi fekk først opplyst at det var Anders Havsgård som var først. Anders var rask, men Konrad raskast.)

– Ein fin tur

Lærarane fortalte om god gjennomføring og fin stemning i fjellveggen.

– Dei aller fleste kom seg til topps og ned igjen og eg trur ikkje det var nokre uhell, seier lærar Ørnulf Jacobsen.

– Og det var god stemning, trass i at det regna litt i starten, legg Ånon Valle til.

– Eg var blant dei som gjekk bakerst og det var fint å sjå at det ikkje låg noko boss igjen etter dei, heller, seier Helene Burø.

Mange fekk premie

Det blei trekt premiar både frå dei som hadde deltatt på kunnskapskonkurransen og på startnummer.

Desse fekk premie:

Steffen Hjelle Haugland vann kunnskapskonkurransen og fekk sovepose i premie. Iselin Haukeland og Steffen Askvik vann sitjeunderlag og hodelykt, Mina Fløysand vann termos, Ronja Haugland vann gåvekort på 500 kroner hos MX Sport og hovudpremien, ein flott tursekk frå Bergans, gjekk tl Atle Evensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.