Kultur | 13. okt. 2015

Orbo-låt tar av i Aust-Europa

I 2009 gav Noora Noor ut «Forget what I said» av Berg-Olsen. No har låta passert 10 millionar visingar på YouTube.

Orbo-låt tar av i Aust-Europa
Orbo, her under frivillig-festen søndag etter Osfest, opplever suksess i Aust-Europa med ei låt Noora Noor gav ut i 2009. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. okt. 2015 07:39

Noora Noor vann Spellemannprisen i 2009 for albumet «Soul Deep», eit album som inneheldt Orbo-låta «Forget what I said».

– Det er ein kjærleikssong eg skreiv i 2003. Så blei eg kjent med Noora, som eg seinare blei Grappa-kollega med, og ho hadde god respons på låta, fortel Ole Reinert Berg-Olsen til Midtsiden.

Det var BT som i går fortalte om den overraskande responsen, seks år seinare.

Passerte 10 millionar

Låta er lasta opp på YouTube av fleire ulike brukarar, dei to som er mest lytta til er spelt av 8,6 og 1,2 millonar gongar.

Til samanlikning er Madcon-låta Don't Worry spelt av 1,2 millionar gongar, Gabrielle sine 5 fine frøkner er spelt av 1,4 millionar gongar. Aurora sin mest populære låt, Runaway, har passert 2,3 millionar visingar.

– Eg var nyleg i møte med Grappa, det var då eg fekk veta at dei hadde oppdaga den store trafikken. Dei merka det fordi dei fekk ein del førespurnadar frå Aust-Europa.

Først trudde dei det var frå Russland, der låta har vore brukt i ein reklamefilm for nokre år sidan, men Romania viste seg å vera landet der det var flest avspelingar.

Kan føra til lønsame oppdrag

Låtskrivaren frå Os seier det kan bli nokre inntekter frå reklame på YouTube, men reknar ikkje med at det blir dei store beløpa.

– Eg synest berre det er morosamt at låta plutseleg går frå 1 til 10 millionar visingar, utan at nokon av oss veit kvifor, seier Ole og ler.

– Men det skal ha vore nokre interessentar frå reklamemarknaden, og der kan du tena ganske greie beløp.

Kjem snart med singel

Musikaren og Osfest-arrangøren har også hatt tid til å spela inn nytt materiale i år.

– Ein singel er nettopp ferdig. Den har eg sendt frå meg til miksing og skal få den ut før jul, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.