Kultur | 03. apr. 2012

ORBO med studio i Os

I åtte år har ORBO & The Longshots valfarta til USA for å finna gode LIVE-studio. No kan dei bli verande i heimbygda.

ORBO med studio i Os
Ole Reinert Berg-Olsen  sitt nye studio i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. apr. 2012 07:02

Bildeserie:

Bass og trommer: Her skal Paul Inge Vikingstad og Stian Tumyr laga rytmar. (Foto: KVB)
Bass og trommer: Her skal Paul Inge Vikingstad og Stian Tumyr laga rytmar. (Foto: KVB)
Reidar Opdal sin bås. Eller ein ekstern piano-man som vil leiga studioet. (Foto: KVB)
Reidar Opdal sin bås. Eller ein ekstern piano-man som vil leiga studioet. (Foto: KVB)
Rom for gitar og vokal. (Foto: KVB)
Rom for gitar og vokal. (Foto: KVB)
Studioet har fire rom for innspeling, alle med kvar sin miksepult. (Foto: KVB)
Studioet har fire rom for innspeling, alle med kvar sin miksepult. (Foto: KVB)
Hordaland Studio er moderne innreia både i stil og utstyr. (Foto: KVB)
Hordaland Studio er moderne innreia både i stil og utstyr. (Foto: KVB)
1 av 5
Bass og trommer: Her skal Paul Inge Vikingstad og Stian Tumyr laga rytmar. (Foto: KVB)
Reidar Opdal sin bås. Eller ein ekstern piano-man som vil leiga studioet. (Foto: KVB)
Rom for gitar og vokal. (Foto: KVB)
Studioet har fire rom for innspeling, alle med kvar sin miksepult. (Foto: KVB)
Hordaland Studio er moderne innreia både i stil og utstyr. (Foto: KVB)

– Turane til Nashville, Los Angeles og Sun Studio har vore til stor inspirasjon, men hovudårsaka til at vi har spelt inn 6 av våre 7 album i USA er at det ikkje er lett å finna gode live-studio, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

– Eit LIVE-studio krev meir enn godt utstyr, du treng mange rom, nærmast eit rom per instrument. Då kan alle spela inn samtidig, noko som skaper ei god stemning og eit autentisk preg, ein sound som kler den sjangeren vi lager musikk i, forklarar han.

Før og etter USA-turneen til ORBO & The Longshots jobba Ole og sambuaren Kari Kvæven for fullt med å bygga studio i Os. Før helga blei det endeleg ferdig.

Vetige vekedagar

Det er ikkje berre for å sleppa å kjøpa flybillett at ORBO har bygd studio i Os.

– Vi reiser og speler mykje i hegene medan vekedagane kunne vore brukt til meir tid i studio. Med desse fasilitetane kan vi no få meir ut av tida mellom kvar konsert.

– I tillegg er dette ope for bruk av andre, legg han til.

Meir produksjon

ORBO har i det siste produsert også for andre, noko som har gjeve meirsmak. No ligg forholda til rette for å utvida denne verksemda.

I fjor produserte han sitt første fulle album for andre då han lagde "Tunge Steiner" for De Musikalske Dvergene.

Plata skal lanserast no i april.

– Den gong leigde vi studio. No treng eg ikkje det lenger. Dessutan er det meir effektivt og billigare med eit LIVE-studio, heile bandet gjer seg ferdig samtidig.

– Denne form for studio er noko Vestlandet har mangla, legg han til.

Stiller styrken på bandet

Sjølv om det nye studioet til ORBO er godt forsikra og god sikra, med både alarm og kameraovervaking, vil han halda adressa hemmeleg.

– Varene er vanskelege å omsetja om nokon skulle stela dei, vil eg tru. Men det eg er mest redd for er tida det tar å erstatta mykje av utstyret, om studioet skulle blitt utsett for tjuveri eller hærverk.

Høgtalarane var det for eksempel seks månadar venting på.

– Dette blr sett på som verdas beste studiohøgtalarar. Etter det eg kjenner til er det berre eg og Paal Waaktar som har slike høgtalarar, seier ORBO med eit smil.

VIDEO: Sjå ORBO & The Longshots testa studio ved å synga Elton John

Ved sidan av utstyret er innreiinga viktig. Studioet - som har fått namnet Hordaland Studio, har eitt rom for bass og trommer, eit anna for piano, eit tredje for gitar og vokal og eit siste for vokal og perkusjon.

– Kvar rom har eigen miksar så alle kan stilla inn kor mykje dei vil høyra av dei andre i bandet under innspelinga. Det betyr mykje.

Dei komande vekene skal ORBO & The Longshot testa ut studioet. Men det er ikkje lenge til første innspeling for eksterne artistar, heller.

– Då skal eg produsera for ein kvinneleg artist frå Os. Så blir det spennade å sjå kor mykje produksjon det blir for andre i tida som kjem. Uansett har no vi fått oss eit studio vi kan ha mykje nytte av, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

To nye studio i Os

Dette er det andre studioet som blir opna i Os det siste året. I fjor blei ungdomsklubben i Allakten sitt studio opna.

Der har ORBO-bassist Paul Inge Vikingstad steppa inn som medhjelpar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.