Lokal | 03. jan. 2020

Ordførar strikkar til den første bjørnafjordingen

– Så vidt vi veit, er vedkomande framleis ikkje fødd, seier Trine Lindborg.

Ordførar strikkar til den første bjørnafjordingen
Ordføraren strkkar i både blått og rosa mens ho ventar på at den første bjørnafjordingen skal bli fødd. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. jan. 2020 10:07

Første innbyggar iVestland fylke, Fabian frå Stord, blei fødd 13 minutt over midnatt, ifølgje BT.

I Bjørnafjorden kommune ventar ordførar Trine Lindborg (Ap) framleis på første bjørnafjording, og ho bruker ventetida godt.

– Eg har lyst til å visa den førstefødde i den nyfødde kommunen vår litt ekstra merksemd, difor sette eg i gang med dette prosjektet i romjula, seier ho.

Ho strikkar lue og skjerf til den aller første bjørnafjordingen.

Har du tips om nyfødde frå Bjørnafjorden? Kontakt Midtsiden på 90789270 eller tips@midtsiden.no

To fargar

Vi veit naturlegvis foreløpig ikkje kjønn eller foreldra sin smak, så ordføraren strikkar to sett i ulike fargar, rosa og blått.

– Eg gler meg til å ønskja den første bjørnafjordenbabyen velkomen! seier ordføraren i ei pressemelding i dag.

Relaterte saker:

• Nyttårsbarnet heime i Os (2018)

• Ekerhovd fekk nyttårsbarn (2016)

• Kaptein-paret fekk nyttårsbarn (2015)

• Les òg: Thomas blei osing nummer 20.000 (2017)

• Les òg: 17 innbyggarar frå 21.000 (Os, 3. kvartal 2019)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.