Sport | 16. okt. 2020

Orienteringsklubben har laga kart til fem skular

– Ein livreddande idrett.

Orienteringsklubben har laga kart til fem skular
Kart og sekk til alle! F.v. Steinar Danielsen, Henning Bratland Carlsen og Kjetil Guldbrandsøy. (Foto: Os Orienteringsklubb)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 16. okt. 2020 08:48

Barneskulane Halhjem, Kuventræ, Lunde, Nore Neset og Os har fått nye skulegardskart av Os Orienteringsklubb.

Prosjektet er støtta av skuleorienteringsprosjektet til Norges Orienteringsforbund og Sparebanksstiftelsen.

Orienteringsløparane Geir Rognsvåg og Steinar Danielsen har teikna karta som skulane fritt kan laste ned.

Ba om kart - fekk skulegarden full i folk

På onsdag var 23 lærarar frå desse fem skulane samla på Kuventræ barneskule for å få eit kurs og ei innføring i orientering.

Til å halda kurset stilte prosjektleiar i «Orientering i skolen» i Norges Orienteringsforbund, Henning Bratland Carlsen.

Leiar i Os Orienteringsklubb, Steinar Danielsen, fortel at samlinga eigentleg kom til litt via tilfeldigheiter.

– For ikkje så lenge sidan vart vi i Os Orienteringsklubb kontakta av Kjetil Gulbrandsøy frå Kuventræ barneskule. Han lurte på om skulen ikkje kunne få eit nytt skulegardskart.

Danielsen visste at det nye kartet snart var ferdig, men han visste òg at Carlsen frå Norges Orienteringsforbund skulle koma til Os ein tur for å diskutera klubbutvikling.

– For å gjera ei lang historie kort - Carlsen tente på ideen, det same gjorde Gulbrandsøy og skulen.

Danielsen fortel at opplegget faktisk fungerte så bra at Carlsen og forbundet sentralt no vil bruka dette som mal vidare i resten av landet.

– Kva gjer du når mobilen går tom for straum?

Norges Orienteringsforbund er tydelege på at orientering må reknast som ein livreddande idrett, meiner Carlsen.

– Dagens ungar veks opp i ei verd kor mobilen er løysinga på det meste. Men kva gjer du når du når du anten går tom for straum eller du er utan dekning?

– I dag er du omgjeven av kart heile dagen - du må forhalda deg til kart når du reiser kollektivt, når du til dømes er på eit museum eller du skal vandra rundt i ein større bygning.

– Kan du lesa kart utan mobil? (Foto: Os Orienteringsklubb)
– Kan du lesa kart utan mobil? (Foto: Os Orienteringsklubb)

Ungane fekk prøva først

Før lærarane fekk sin del av kurset blei sjuandeklassingene på Kuventræ barneskule sendt ut på orientering i skulegarden og på idrettsplassen.

– Vi hadde eit opplegg for ungane i to timar på onsdag formiddag. Her opplevde vi ungane som både interesserte og motiverte.

– Nokre gutar fortalde at det var gøy å få løpa litt, og ikkje minst å bruka kartet til å finna ut kor de skulle løpa. Dei fleste av elevane svarte ja på spørsmålet om dei hadde lært noko dei ikkje kunne frå før.

Lærarane i sving på Kuventræ på onsdag. (Foto: Os Orienteringsklubb)
Lærarane i sving på Kuventræ på onsdag. (Foto: Os Orienteringsklubb)

Fekk sekk med utstyr og eige kart

Med til kurset hadde Danielsen og Carlsen ein sekk til kvar av skulane. Oppi sekken var det orienteringsspel, aktivitetsforslag og 20 postar som dei kan henga i skulegarden. Eit eige kart over sin eigen skule låg òg i sekken.

– Etter ei samling inne med alle lærarane, kor vi informerte om kva for moglegheiter Norges Orienteringsklubb og Os Orienteringsklubb legg til rette for skulane, fekk alle lærarane prøva fleire av øvingane i praksis ute i skulegarden. På denne måten blir det enklare for lærarane å ta kunnskapen med vidare til elevane.

Dei fortel at skulegardskarta ligg til ei kvar tid digitalt tilgjengeleg for skulane.

– Denne løysinga skal gjera kvardagen til gymlæraren lettare. Borte er gamle og sletne kart som du må ta vare på. Karta og opplegget er tilpassa dei ulike klassetrinna, og lærarane kan enkelt gå inn og plotta løyper og aktivitetar for elevane.

– På nettsidene til forbundet ligg det òg gode videoar, både inspirasjon og informasjon.

Ein ung men aktiv klubb

Os Orienteringsklubb var stifta i 2014, og i dag kan klubben skilta med om lag 60 medlemmar.

Danielsen fortel at medlemsmassen strekk frå dei yngste på åtte år og heilt opp til godt vaksen alder. At orientering ikkje er ein kontaktidrett, har nok gjort sitt til at klubben ikkje har blitt så hardt råka av koronapandemien.

– Orientering er ein individuell sport, og sjølv om dei sosiale aktivitetane rundt trening og konkurranse nå er råka, har sporten opplevd eit solid oppsving, både sentralt og lokalt gjennom varianten tur-orientering og stolpejakt. Det er alltid ei løype der ute til alle uansett orienteringsferdigheiter. Treningar og konkurransar held fram når alle tar sin del av ansvaret for godt smittevern.

Danielsen fortel at sentralt er meldt om stor auke i utenadørsaktivitetar, og at hos klubben her i Os kan dei notera seg ein 20 prosent auke i salet av turorientreingskonvoluttane dei lanserte før påskeferien i vår. Dei kan òg notera seg mange nye namn som registrerer seg med besøk på postane.

– No kjem vi til å halda fram med klubbtreningar, og vi ønskjer spesielt nye medlemmar velkomen. Eit resultat av den utviklinga vi no ser, er at vi vil jobba for å etablera ei ungdomsgruppe i klubben.

– Nye medlem vil sjølvsagt få rettleiing, understrekar Danielsen.

• Les òg: Koronafri turorientering klar til påske

Prosjektet held fram

Danielsen fortel at onsdagens besøk på Kuventræ var eit inspirerande besøk, og at det sentrale prosjektetet med skulegardskart vil halda fram.

– Det er stas å notera seg at løysinga og opplegget på onsdag var så bra at dette blir tatt med vidare til sentralt hald.

– Her må eg òg få takka Kuventræ barneskule for eit skikkeleg godt samarbeid.

På spørsmål om klubben kan tenkja seg å utvida tilbodet, til dømes til å gjelda ungdomsskulane, er Danielsen ikkje vanskeleg å be.

– Alt dette arbeidet er i stor grad gjort frivillig, men får vi ein invitasjon kjem vi gjerne innom ungdomsskulane òg for å sjå på kva vi kan få til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.