– Ørna var berre 3-4 meter frå båten
Hobbyfiskarane Peter og Chris Robert fekk uventa selskap utanfor Strøno.

Kameratane Peter Tjørnevig og Chris Robert Sperrevik har skifta ut hummarteiner med garn. No står torsk på ønskjelista.
– Den har byrja å koma, vi fekk fire torsk i går, seier Peter.
Gårsdagen blir likevel best hugsa for ei anna hending.
– Det sat ei havørn og følgde med oss. Då vi kasta ein fisk uti til den, var den rask på vengene, men på første forsøk var måsane raskare og stakk av med fisken.
Så, utanfor Tjoholmen, fekk hobbyfiskarane eit nytt forsøk.
Då sto dei òg med mobilkameraet klart. Sjå video i ruta over.
– Denne gong fekk ørna fisken, og den kvidde seg ikkje for å koma nær båten. Avstanden var sikkert berre 3-4 meter.
– Eg har sett ørn frå avstand før, men det var ei stor oppleving å få den så nær.
Dei siste åra har fleire havørner funne tilhald i Os. Eit par som held seg mellom Halhjem og Øyane blir ofte fanga på film av naturfotgrafane Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.