Steffen Kvamsdal blei matchvinnar med 2-0-skåring minuttet før pause. (Foto: KVB)

Os 2 sikra opprykk to rundar før sesongslutt

Eit A-prega Os 2 med knipen siger over Voss.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Fotball rykker opp med både A-laget, andrelaget og damelaget. Det blei klart då Os 2 på 2. plass i dag slo Voss på 3. plass 2-1 på heimebane.

A-laget, som sikra opprykket då Lyngbø tapte for Frøya fredag kveld, stilte reserveprega og vann 2-5 borte mot Telavåg laurdag.

Dermed var det fritt for at fleire frå A-lagstroppen til dagens opprykkskamp.

Os 2 stilte med 9 av 11 frå A-laget, blant anna etablerte A-lagsspelarar som Endre Brenne, Erik Kanestrøm, Rafael Villén, Vegard Strønen Skeie, Harry Moore og kaptein Marius Mikkelsen.

– Vi var på førehand einige om å gjera det på denne måten, å lata delar av gruppa få spela 4. divisjon, mens andre var med i denne avgjerande kampen mot Voss, seier John Ole Johannessen.

Han leia Os 2 åleine i dag, då Martin Røttingen Eidsvik er og instruerer på fotballskule på Mallorca.

Os 2 - Voss 2-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Marius Mikkelsen og Steffen Kvamsdal
Os: Erlend Østgulen Hevrøy - Anders Havsgård, Vegard Strønen Skeie, Ludvig Egge Drange, Harry Moore - Rafael Villén, Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen - Endre Brenne, Erik Kanestrøm og Alexander Mjånes Tøssebro.
Innbytarar med speletid: Elias Heggland Myrlid, Markus Heggland Myrlid, Kerem Duvarci og Emre Duvarci.

Voss imponerte

Trass A-prega startellevar på Os 2 var det Voss som opna best. På bortebane i vår vann Voss 4-2, i dag hadde dei to skot på Os 2 sitt mål i løpet av dei første tre minutta.

– Os er i ein god situasjon, og kunne stilla ekstra sterkt i dag. Eg er stolt over måten gutane takla det på, seier Voss-trenar Eirik Een.

Gjestane pressa, men etter kvarteret spelt tok Os 2 meir over. Ein pasning frå Kanestrøm til Mikkelsen burde ført til skåring, men alagskapteinen skaut utanfor lengste stolte.

På innlegg av Havsgård ti minutt seinare feila han ikkje, ei stupheading gav Os 2 1-0-leiing i 28. minutt.

Kvamsdal auka til 2-0 få sekund før pause.

– I pausen ba eg gutane roa ned og å auka presisjonen. Vi mista ballen for lett i dag, det gjorde vi dessverre òg etter pause, seier Johannessen, og berømmer Voss for innsatsen i kampen om opprykk.

Voss skåra 2-1-målet på overtid, og var nær utlikning etterpå. Men Os 2 sikra sigeren og opprykket.

– Vi får no ein svært god arena i 2019, seier sportssjef Jan Frode Skeie etter to opprykk på 1,5 døgn.

Os 2 ligg no 2 poeng bak serieleiar Osterøy når to kampar står igjen. Andreplassen er uansett godt nok til opprykk, men det er framleis sjanse å vinna serien.

Sjå tabell (fotball.no)

Fleire saker