Sport | 09. feb. 2010

Os 2010: Her er troppen

Tysdag blei 24 Os-spelarar tatt ut i A-stall, 8 andre i U-stall. Slik blir Os i 2010.

Os 2010: Her er troppen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. feb. 2010 09:43

Os har mista få spelarar etter det doble opprykket i 2009. Nokre nye har kome til, og nokre frå eigen stall kan venta seg både meir speletid i 3. divisjon og kanskje debut i 2. divisjon i løpet av sesongen.

Spelarar frå hausten 2009 som ikkje er med i år:
Midtstopparane Vegard Borgen og Einar Algrøy.

Nye spelarar frå andre klubbar:
Endre Brenne (Norheimsund/Lillehammer). Har spelt på midtbane og som midtstoppar. Os vil bruka han i forsvar.
Tom Skråmestø (Baune). Midtbane/midtstoppar. Har vore kaptein på Baune dei siste åra.
Daniel Kalstad (Brann). Spelar høgre back eller på ein av kantane.

- Vi er veldig nøgd med det spelarmaterialet vi har no. Tysdag tok vi ut ein A-stall med 24 spelarar og ein U-stall med 8 spelarar. Heile gruppa på 32 kjem til å trena saman, men dei i U-stallen kjempar i utgangspunktet om plass på Os 2, fortel hovudtrenar Frank Hellevik.

A-stallen 2010:
Keeparar: Halvard Enes, Kjetil Hansen og Anders Solberg Strønen.
Forsvar: Remi Osebakken, Per Søgnen Merai, Dani Alvær Bergstø, Anders Glesnes, Vegard Engelsen Moberg, Baste Bognøy Jonassen, Daniel Kalstad.
Midtbane: Stian Lunde, Tore Valvik, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Frode Buvik, Erik Kanestrøm og Tom Skråmestø.
Angrep: Tim Henrik Sperrevik, Torkel Hjertnes, Christer Olsen, Ramo Racic, Christian Almeland og Mats Lepsøe.

U-stallen 2010:
Keeparar: Even Bjoarvik og Marcus Dalland.
Utespelarar: Kjartan Svendsen, John Ole Johannessen, Kristoffer Sande, Espen Valvik, Espen Kopperud og Sven Lyssand.

I U-stallen er det både juniorspelarar og spelarar som nyleg har blitt senior.

- I utgangspunktet skal desse spela 3. divisjonsfotball, men det kan kanskje bli aktuelt med nokre juniorkampar på dei yngste. Det blir i så fall noko vi ser utover sesongen, og som eg i så fall må ta ein prat med juniortrenarane om.

Nokre i U-stallen har vore skadd delar av førre sesong, andre, som Marcus Dalland, er i militæret, men kan bli brukt når han er heime.

- Det er nok fleire i U-stallen som også kjem til å debutera i 2. divisjon i år. I tillegg er det fleire i A-stallen som ikkje har spelt 2. divisjonsfotball før, så dette blir eit spennande år for mange, seier Hellevik.

Kolås-comeback?
Osing og tidlegare Os-spelar Espen Kolås gjekk til Baune etter 2007-sesongen. Han blei kåra til beste Os-spelar etter den første sesongen i 2. divisjon etter førre opprykk. No er det mogleg at han kjem tilbake til Os.

- Vi kunne trengt ein allroundspelar til. Kolås kan brukast frå midtbane til kant og spiss, og vurderer i desse dagar om han skal halda fram i gamleklubben min, Baune, eller om han skal slå følgje med Skråmestø til Os, fortel Frank, om det som i så fall truleg blir siste overgang før sesongstart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.