Lokal | 11. mai 2020

Os Aktiv har fått opningsdato

Elevane må venta nokre veke til.

Os Aktiv har fått opningsdato
Os Aktiv er ferdig. Opningsdato blir tysdag 2. juni. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mai 2020 12:31
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Os Aktiv, som blant anna inneheld ny fleirbrukssal og to nye klasserom, er ferdig bygd, men foreløpig ikkje tatt i bruk.

– No har også møblane kome. Det gjenstår litt montering og ein god del testing før overlevering og bruk, seier Frankie Taule Grindl i Bjørnafjorden kommune.

Os ungdomsskule tar i morgon imot sine første elevar etter koronastenginga 13. mars, og gler seg over nyopna uteområde.

No er også dato sett for kor tid dei får tilgang på Os Aktiv.

Datoen er tysdag 2. juni, første skuledag etter pinse.

Om innhaldet i Os Aktiv:
• Fleirbrukssal på 430 kvm med 7 meter takhøgde og 8 meter brei scene
• Aktivitetsplass under 224 kvm tak
• Garderobar
• 2. etasje med to klasserom og grupperom
• Underetasje med rom for musikkundervising for Os ungdomsskule og Bjørnafjorden kulturskule
• Ung Arena
• Kjellar med rundt 30 parkeringsplassar, lager og teknisk rom

– Kva med Ung Arena. Startar arbeidet til hausten eller skal det stå klart til skulestart i august?

– Arbeidet med Ung Arena er godt i gang, og denne arenaen skal ferdigstillast før skulestart til hausten, seier Grindl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.