Motor | 03. juli 2023

Os Amcar på cruising i morgon

Markerer den amerikanske uavhengigheitsdagen.

Os Amcar på cruising i morgon
Frå cruisinga 4. juli i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. juli 2023 10:55

I morgon, tysdag 4. juli, køyrer Os Amcar Club kortesje gjennom Osbygda.

I fjor var det 58 bilar påmeldt og 52 som stilte til start.

– Det er enno for tidleg å seia kor mange som stiller, sidan vêrmeldingane har endra seg, seier Øystein Helgesen frå amcarklubben.

– I går såg det ut til å bli ein våt tysdag, no ser vêrmeldingane betre ut, med litt regn midt på dagen, men sol på kvelden.

Er-An Veikro er midlertidig opna igjen, men har ikkje ope om tysdagane.

– Vi køyrer oppmøte og start ved BilXtra i Jordmorsvingen. Der blir det loddsal med fine premiar, sponsa av ulike firma, før start.

Årets rute

  • Start frå Jordmorsvingen klokka 19.30.
  • Mot Søfteland med vending frå Storestraumen mot klokka via Hjellemarka
  • Til UnoX og opp til Ulvenvegen og over Ulvensletta
  • Over Skeisflaten og vidare til Øyane, så til Lepsøykrysset
  • Gamlevegen mot Halhjem og ut til Halhjemsmarka for å snu
  • Retur til Os og parkering i Os sentrum
  • Det er venta ankomst Os sentrum rundt klokka 20.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.