Næringsliv | 26. okt. 2015

Os Asvo bygger 4200 kvm

– Det vil gje oss ei endå meir effektiv drift, fortel Kristian Nygaard.

Os Asvo bygger 4200 kvm
Dagleg leiar Kristian Nygaard studerar teikningane som no er til godkjenning hos byggesak i kommunen (foto: AH)
Andris Hamremandag 26. okt. 2015 14:03

Bildeserie:

Slik ser situasjonsplanen ut for tomta Os Asvo skal bygga på (ill: Os Asvo/Os kommune)
Slik ser situasjonsplanen ut for tomta Os Asvo skal bygga på (ill: Os Asvo/Os kommune)
1 av 1
Slik ser situasjonsplanen ut for tomta Os Asvo skal bygga på (ill: Os Asvo/Os kommune)

I 1997 flytta dåverande Oshaugen Verksted AS inn i lokala dei i dag disponerer i Os Næringspark. Frå 1999 blei veksemda heitande Os Asvo AS, etter å ha slått seg saman med det kommunale Styltemakeriet.

– Vi har hatt gode år i næringsparken og har eit godt samarbeid med huseigaren, men no var tida inne for å satsa vidare gjennom å nytta deler av eigenkapitalen vi har bygd opp gjennom åra til å investera i vårt eige bygg, fortel Kristian Nygaard, dagleg leiar i Os Asvo AS.

– Lokala vi er i no har tent oss godt, men vi ser at vi har mykje å henta på betre plassutnytting og å få ei endå meir effektiv drift, ikkje minst logistikkmessig.

Spent på framtida

Etter at produksjonen av vindauger blei lagt ned på Lyssand og flytta til Sverige mista Os Asvo ein av dei største kundane sine.

– Også vår type verksemd er i endring. Vi ser at vi stadig må jakta nye marknader og prøve å koma inn i framtidsretta verksemder. Ei av dei nyaste bedriftene vi no jobbar for er Aquacircle, som vi produserer foringsboksar for. Det å jobba med lokale verksemder er eit satsingsområde for oss.

– Ein annan del av verksemden som går veldig bra er lakkavdelinga vår kor vi tek på oss å lakkera kjøkkenfrontar og andre type møblar. Der tek vi oppdrag både for privatpersonar og bedrifter.

– Vi skal tilby arbeidstakarane våre meiningsfylt arbeid. Difor er det viktig at vi no investerar i tidsriktige og gode lokaler som gjer at vi er i stand til å møta dei behova framtida gir. Kva vi driv med om 10 år er ikkje godt å seia, men at vi eksisterar føler eg meg trygg på. Vi er ei verksemd som kan løysa problemer for andre bedrifter og hjelpa dei med konkrete oppgåveløysingar som dei sjølv ikkje har tid eller kapasitet til, seier Nygaard.

Får kommunal leigetakar

Bygget dei no skal reisa på den gamle Tide-tomta i Industrivegen blir på 4200 kvadratmeter, fordelt på fire etasjar.

– Det blir eit horisontalt delt bygg kor teknisk eining i kommunen skal få samla si verkesemd i dei to nedste etasjane med innkøyring og uteområde mot sør, medan vi sjølv skal ha innkøyring og uteområde frå nord.

– Vi kjem blant anna til å utvida lakkavdelinga til 137 kvadratmeter, sjølve produksjonslokala blir på vel 1000 kvadratmeter. Bygget blir om lag 12 meter høgt, 50 meter langt og ha ei bredde på 32 meter, men det vil bli lagt inn i terrenget, så frå Varafjell, til dømes, vil ein berre sjå to av etasjane, forklarer Nygaard.

Ramme på 52 millionar

Ramma på prosjektet, som Stord-baserte Fronta Bygg har fått totalentreprisen på er på 52 millionar kroner. 45-47 millionar av dette vil bli lånefinansiert.

– Vi har vore så heldige at vi har fått kommunal garanti, noko som gjer at vi har fått lånevilkår vi greitt kan leva med. Dessuten blir det jo å betala til seg sjølv i staden for å betala til andre, som vi gjer i dag i og med at vi leiger dei lokala vi er i no.

Selskapet har i samband med bygginga oppretta Industrivegen AS som vil vera eigedomsselskapet som skal drifta det.

– Også dette selskapet er lagt inn under våre retningsliner og kan heller ikkje ta utbytte. Det er ein av grunnane til at vi fekk kommunal garanti, seier Nygård.

Løyser parkering på Kuventræ

I samband med bygginga løyser dei samstundes ei av dei store utfordringane for sentralidrettsanlegget på Kuventræ, slik naboane til anlegget etterlyste tidlegare i vår.

– Den delen av tomta som ligg nærast fotballbanen på Kuventræ vil bli opparbeid til parkering for idrettsanlegget. I tillegg vil ho bli nytta for av og påstiging for skuleelevane i området slik at dei slepp kryssa trafikert veg til og frå skulen, avsluttar Nygaard.

Planlagt ferdigstillelse av nybygget er 4. oktober 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.