Os Asvo rigga for framtida

Bildeserie: I dag var det offisiell opning av 4000 nye kvadratmeter i Industrivegen.

Dagleg leiar Kristian Nygaard fekk blomar av kommunalsjef Nils Petter Borge, etter at ordførar Marie L. Bruarøy hadde klipt snora. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. jan. 2017 15:56

Bildeserie:

Humørspreiar Helge sa nokre fine ord på vegne av dei tilsette. (Foto: KVB)
Os Asvo, som bruker dei to øvste av dei fire etasjane, opna i dag porten.
– Hallen er fleksibel, maskinene står på hjul og kan flyttast på. (Foto: KVB)
Snekkerbua. (Foto: KVB)
Gutta koser seg i noko som skal bli utvendig lager. (Foto: KVB)
Os Asvo produserer til firma og private. (Foto: KVB)
Lakkeringshall. (Foto: KVB)
Administrasjon. (Foto: KVB)
Kake til opningsfesten. (Foto: KVB)
Kantina. (Foto: KVB)
Kristian Nygaard ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Øyvind Gjerde og Merete Hovden. (Foto: KVB)
Styreleiar Kåre Lutro. (Foto: KVB)
Ordførar Lunde Bruarøy stilte med kjede. (Foto. KVB)
Marika Karlsen Selje og Thy Hong Pham hjelpte til. (Foto: KVB)
Humørspreiar Helge sa nokre fine ord på vegne av dei tilsette. (Foto: KVB)
Os Asvo, som bruker dei to øvste av dei fire etasjane, opna i dag porten.
1 av 15
Os Asvo, som bruker dei to øvste av dei fire etasjane, opna i dag porten.
– Hallen er fleksibel, maskinene står på hjul og kan flyttast på. (Foto: KVB)
Snekkerbua. (Foto: KVB)
Gutta koser seg i noko som skal bli utvendig lager. (Foto: KVB)
Os Asvo produserer til firma og private. (Foto: KVB)
Lakkeringshall. (Foto: KVB)
Administrasjon. (Foto: KVB)
Kake til opningsfesten. (Foto: KVB)
Kantina. (Foto: KVB)
Kristian Nygaard ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Øyvind Gjerde og Merete Hovden. (Foto: KVB)
Styreleiar Kåre Lutro. (Foto: KVB)
Ordførar Lunde Bruarøy stilte med kjede. (Foto. KVB)
Marika Karlsen Selje og Thy Hong Pham hjelpte til. (Foto: KVB)
Humørspreiar Helge sa nokre fine ord på vegne av dei tilsette. (Foto: KVB)

Ordførar, varaordførar, prosjektleiar og styreformann var saman med dagleg leiar Kristian Nygaard på plass då Os Asvo i dag opna dørene for slekt og venar av tilsette, og andre skodelystne, i det 4200 kvadratmeter store bygget i Industrivegen.

Os kommune leiger dei to nedste av dei fire etasjane, til teknisk eining, mens Os Asvo er husvert og har produksjon og administrasjon i dei to øvste.

– Vi hadde større plass der vi var før, i Os Næringspark, men når du bygger og innreier lokale til deg sjølv, så får du lagt alt opp på ein annan måte, seier Nygaard til Midtsiden.

• Sjå òg: På innsio - Os Asvo (videoreportasje frå produksjonen i Os Næringspark)

Han ser at det er vanskelegare å få langsiktige avtalar no enn før, at produksjonen oftare må riggast om til nye prosjekt og nye kundar.

– Her er det ikkje berre ventilasjon og klima som er betre, lokalet er meir fleksibelt. Maskiner står på hjul og kan enkelt flyttast på, vi har god oversikt og avstandane er mindre. Bygget er funksjonelt og produksjonshallen endå meir sosial for dei som jobbar her.

• Les òg: Livet etter Lyssand

Frå idé til tomtekjøp

Styreformann Kåre Lutro fortalte om dei første diskusjonane om å skaffa seg sitt eige bygg, tankar og idear som kom fram i 2005 og 2006.

Han gav ros til prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune for ein uvurderleg jobb, til Kristian Nygaard, som har halde i rattet heile vegen, og takk dei tilsette, som i årevis har hatt så god produksjon at selskapet har kunna bygga seg opp ein kapital som gjorde realisering av eige bygg mogleg.

Døsen fortalte om ein tur til Bergen med Søviknes i 2013, der tomta blei kjøpt av Tide, om prosjektering i 2014 og anbodsrunde i 2015.

– Så kom Fronta frå Stord, eig av ein «osing», og meinte dei kunne laga eit endå betre bygg enn det som låg i anbodet, og fekk oppdraget.

Fronta-eigar Kurt Arne Tyse budde i Os i fleire år, og har framleis barn og barnebarn i bygda.

Fram igjen med «søkso»

Marie Lunde Bruarøy, som blei ny ordførar i førre veke, stilte med kjede og klipte snor.

Trass at ho hadde to flinke assistentar, Marika Karlsen Selje og Thy Hong Pham, og har 17 år erfaring som frisør, var ikkje snora heilt enkel å klippa.

– Eg har lang erfaring med «søks», sa Marie, og hausta litt latter for øyadialekta si, før ho fekk delt snora i to og erklært Os Asvo for opna.

– Vi i Os kommune er stolte av å ha ei så god Asvo-bedrift. Her er det til ei kvar tid rundt 60 tilsette som har meiningsfylte arbeidsdagar, og i tillegg driv så god produksjon at bedrifta er ein sunn og trygg arbeidsplass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.